Dei beste bibliotekdagane er dei som startar på ein kanelsnurr. Passerer du Bakeriet i Lom ein tidleg morgon, skal du vera gjord av stål for å stå imot impulsen til å gå innom for ein ørliten kanelsnurr. Heldigvis er ein ikkje det. I dag hadde eg invitert alle undersottane til felles personalmøte i Lom. Her i bokheimen hadde dei styra og ordna slik at biblioteket skulle syne seg frå si beste side til skjåkverane kom. Ute i biblioteket stod bøkene i stram gjev akt, i geledd som aldri før, og ikkje eit støvfnugg var å skode. Kontordøra held seg klokeleg stengd.

Innimellom mompinga av snurrane hadde vi mykje å prate om, for det er litt av kvart som skjer i dei to biblioteka utover hausten. Fem arrangement står for tur i Skjåk, fire i Lom. I tillegg skal vi ut til alle folkeslag og formidle nye klassikarar og dra i gang Vinterles-kampanjen som varar frå 1. november til 1. april. Dombås har alt tjuvstarta og hadde Klassikar-kveld 9. oktober. Underteikna og min betre bibliotekarhalvdel presenterte nokre av dei nye klassikarane til tonefølgje av non-figurativ musikk og ein innfødd som song Dovre så vent som ingor mor. Denne kvelden debuterte vi også med el-bil, ein tur vi ikkje skal gå nærare etter i viftereimene.
 |
BibliotekAre i arbeid. |
I slutten av oktober tek eg med meg ein BibliotekAre og eit hempe nye klassikarar for å prøve å prate dei ut av hyllene på Otta. Det blir Vinterles-arrangement på Lesja og i Vågå og Skjåk i november. Etter ei kanne kaffi og nokre kanelsnurrar, kom vi på den briljante idéen å kombinere dette med
Nordisk litteraturuke 11.-17. november. Da vil vi tenne talgljos og lesa for dykk frå bøker av framifrå nordiske forfattarar. Vi gler oss allereie.
Elles står litterære lunsjar, førjuls-aktivitetar og sjølvaste Edvard Hoem for tur! Han skal delta på avslutning av klassikar-prosjektet på BrimiBue 3. desember. Neste veke blir billettar lagt ut for sal! Vi legg ut informasjon i sosiale medium, på heimeside og rundt omkring. Følg med!
 |
Heile folket i arbeid |
I morgon debuterer Merete og eg på catwalken. 12.00 sharp på Bergom for alle som ynskjer å oppdatere seg på det siste innan høgare saum [åt kotyr]. Med ynskje om ei retteleg moterett helg!
Rita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar