Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 11. oktober 2019

Å miste lappen ein fredag

Vi hadde førebudd oss grundig, dei tilsette i Psykisk helse Lom og Skjåk hadde bestilt mat i fatvis, og heile tredje klasse på vidaregåande ville stille mannsterke og høyre oss her på huset formidle tenester og litteratur i samband med markeringa av Verdsdagen for psykisk helse. Samarbeidet med andre etasje vart ein suksess!
Lystig om tungt tema (Foto: Vigdis Kroken, Fjuken)
Nytilsett kommunepsykolog Morten Gjellesvik opna markeringa ved å presentere seg sjølv og informere litt om tenestene dei kan tilby "oppå øvre". Ein folkeleg og lettvint kar som hadde viktig informasjon for alle som høyrde på. Rett bak stod Rita Direktør og underteikna og skein som mellombels veggpryd medan vi venta på tur. I det kommunespykologen kom inn på temaet tunge tankar som kan slite på livet, vart eg var ei tørr fluge som i ein desperat augeblink i sommarheiten  hadde hengt seg i leidningen til prosjektoren vår. Eg har det med å kople saman inntrykk og få pussige scener poppande opp i hovudet, og dette var ein typisk slik samantreff. Midt i tankespinnet var brått psykologen ferdig med si tale, og det var vår tur.

Andre etasje (Foto: Vigdis Kroken, Fjuken)
Med stutte stettar og samanklemt rygg vel eg støtt å stå under formidlingane våre. Så også i dag. Men då eg kleiv opp på scenen, såg eg den eine gule gjenbruks post-itlappen eg hadde markert leseutdrag i boka med flagre av stad ned mot tilhøyrarane. Eg mista bokstaveleg tala lappen! Nok ein gong var eg glad for Aukrust- og Hortagena mine, som slo inn på full effekt og redda meg nokonlunde inn att med ein munn som har frykteleg mange ord lett tilgjengeleg rett bak tanngarden.

Uklare, men like blide før avspark

Bibliotekarane las varierte tekster frå alt frå svært alvorlege til meir humørfylte bøker, og den fullsette salen fekk eit innhaldsrikt pusterom på tampen av veka. Før dei gjekk, fekk alle høve til å skrive stikkord med kva dei ønskjer å setja av tid til framover, og alle lappane vart samla på ei tavle som vil bli på biblioteket ei stund framover. Gode og mette på mat frå både Bakeriet og Helseheimen, vart dei fleste sitjande til langt etter arrangementsslutt.

Gjer vel; gå inn i helga med å gje kvarandre litt tid, sjå kvarandre og ver litt til stades. Livet har så mangt å by på!

Bloggar med rette lappen på plass: Merete




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar