Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 4. oktober 2019

Jo fleire hovud, dess betre bibliotek!

Kjære lesarar,

Denne veka har eg fått den store æra av og ansvaret for å vera biblioteksjef i to bygder. Det er slike løysingar som tvingar seg fram i stadig fleire sektorar i dei små kommunane våre, så da Hanne i Skjåk etter 37 år i biblioteket si teneste varsla at ho ville gå av med pensjon, tok Skjåk kontakt med Lom om kommunane kunne ha ei prøveordning med felles biblioteksjef. 

Ein grunn til at eg og vi er positive til ei slik løysing, er at dei andre tilsette på biblioteka våre får større og truleg tryggare stillingar. Den totale personalressursen i biblioteka blir ikkje redusert, og Skjåk har varsla at dei ynskjer ei satsing på biblioteket. Så flott! 

Vi blir dessutan eit tipp-toppers personale ihop att. Vi fortset å vera to bibliotek, men vi ynskjer å ha felles møte iblant. Vi blir fleire hovud til å finne på spennande og morosame måtar å drive og utvikle biblioteka på. Vi ynskjer å nytte dei samla ressursane våre til det ytste og ypparste. Det gler vi oss til, og vi starta like godt opp med felles personalmøte i Skjåk i dag med kake og hurra for kjærleiken til den nygifte Sigrun, til biblioteka og til oss alle. God helg!

Gjengen: Jenni Anette, Sigrun, Merete, BibliotekAre, Rita og Tonje.


Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar