Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 27. september 2019

"Ja, slik driv døkk mæ her, ja!"

Så vart det no slik, då, at vi har selt halve Sjefen vår til Skjåk. Det blir spennande, det, å skulle dele på dette kvinnemennesket, men å dele med Skjåk har vi fint lite i mot. Nært og godt samarbeid gjennom ei årrekkje gjev grobotn for ei positiv vidareutvikling av dei to biblioteka våre under leiing av denne handlekraftige dama.



Og så får vi styre einslege her nokre dagar i veka, vi som er att og vonaleg får auka stillingane våre til nye høgder. Litt godt det, au. Trudde vi. Heilt til vi i dag vart fellestekne på fersken midt i nettstuderinga av eldre tids kvinneunderklede. Vi hadde nysst hatt besøk av fyssteklassingane på VGS, då ein av elevane spurde litt dårleg skjult kva det var for utstyr som hekk på veggen bak den råsexy BH`en i utstillinga til Tonje. Eine jenta kunne då enkelt informere guten om at "Dæ slik døm brukte te å hæilde labbæin uppe mæ. Døm hadde slike lange labbe, da mata". Dette slåande svaret tykte eg var så godt at eg stramma beint inn på kontoret for å fingre saman vekas blogginnlegg - om hoftehaldaren. Under nettsøket etter eit passande fotografi, ba eg naturleg nok inn både Are og Tonje for utveljing av rett illustrasjonsfoto, og midt under studeringa kom sjølvsagt Sjefen brasande inn frå Skjåk med skjerfet flagrande rundt halsen og tok oss all tre i å henge rundt PC`en hennar - med skjermen full av meir og mindre flatterande undertøy... "Ja, slik driv døkk mæ her, ja!"

Dei to andre tufsa seg duknakka fram att til skranken, medan bestemorbibliotekaren vart sitjande blussande att for å ro i land ei forklaring Sjefen ville tru på. Det gjekk som vanleg heilt glatt, og no er Sjefen blid att, og bloggen i hamn.

Lykke til alle; både Hanne som pensjonist, fyssteklasse med tre hektiske år på vidaregåande, og pendlarSjef Rita i sitt nye tilvere som Direktør for Skjåk og Lom! Kanskje bør ho få ein hoftehaldar til jul, så labbane heng med i svingane?

Undertøybloggar: Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar