Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 20. september 2019

Hausten 2019 på biblioteket

Her gjev vi dykk små glimt frå gjennomførte arrangement og planar for kommande både i Lom og "anstan" der vi er med. Ver så god!

August


Diktardagar 29.-31.

Forfattarbesøk av Kirsti Blom i 6. klasse med boka Søppelplasten i havet. Dyktig formidlar og kunnskapsrike og ivrige ungar. Imponert bibliotekar!








Sigmund Løvåsen hadde opplesing på biblioteket laurdag. Lugume Løvåsen sjarmerte folket både i Lom og Skjåk med opplesing frå diktsamlinga Med øksene dei haustar inn. I ettertid har lånarar kome og fortalt at dei har hatt stor glede av boka, lese eitt dikt om dagen og lånt fleire av bøkene hans. Så bra!













September

2. Valdebatt. Dei fire toppkandidatane presenterte seg sjølve og programma sine for fullsett sal.

10. Syver Olstad og Stein Elvestad hadde førestilling for ungar. Både små og store koste seg og fylte bokheimen med hjarteleg skratt.

17. Avslutning Sommarles med Plutselig Sirkus. Eit femtitals ungar deltok på avslutninga der minisirkuset hadde ei lita framsyning og ungane fekk prøve seg som sirkusartistar. Svært vellykka! Vi hadde også premieutdeling der Erna Sofie Mork vart den heldige vinnaren av iPaden. Oskar Stenersen og Oda Sætrom Steinehaugen vann kinobillettar. Gratulerer til dei og til alle ivrige Sommarles-ungar.

25. Merete og Rita reiser til den vidaregåande skulen på Dombås for å presentere Nye klassikarar.



Oktober

9. Klassikar-kveld på Dovre folkebibliotek

11. Litterær lunsj. I samarbeid med psykisk helseteneste i Lom og Skjåk markerer vi verdsdagen for psykisk helse på biblioteket. Tema i år er "Gje tid". Psykisk helseteneste står for traktementet. Bibliotekarane serverer smakebitar på litteratur.

31. Klassikar-kveld på Sel bibliotek, Otta.



November

Oppstart Vinterles. Oppstartarrangement på Lesja, Skjåk og Vågå med Linn T. Sunne, Merete og Rita. 

15. Litterær lunsj på biblioteket

Desember


3. Avslutning Klassikar-prosjektet med Edvard Hoem! Vi er så heldige å ha fått Edvard Hoem, ein av våre mest lesne forfattarar for tida, til å bli med oss på ei storstilt avslutning av klassikar-prosjektet. I samarbeid med BrimiBue inviterer vi til klassikar-kveld på heimebane. Edvard Hoem les og fortel om Slåttekar i himmelen og dei andre bøkene i utvandrar-serien. Alle er velkomne og vi håpar folk går mann og kvinne av huse for å bli med på ein forfattarkveld av dei sjeldne.

5. Arbeidssenteret sitt julesal på biblioteket! Møt opp og sikre deg flotte julegåver lågå i Lom.

13. Litterær lunsj. Vi har alt starta å tenkje på kva for julelesnad vi er huga til å servere folket denne dagen. 





Vi håpar å treffe rett så mange av dykk på arrangementa våre utover hausten. Velkomne skal de vera! 

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar