Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 13. september 2019

Liten gut med nyvunnen tillt

"Hei! E ska låne Star Wars, e! Har du dæ? E har mæ me lånekorte mitt, altså!" Fyssteklassingen med flunka nytt lånekort i skulesekken rekk så vidt opp til skranken, og andletet strålar over den nyvunne tilliten det er å gå einsleg innom biblioteket på veg heim frå skulen. Eg lovar Star Wars og trippar etter guten på leit i hyllene. "Men detta æ slik tegneseri, dæ? Har du kje slik an bok, da - slik e lånte da oss va her frå skula?"


Litt skuffa finn vi ut at alle dei andre er ute på lån i andre heimar og klasser, men den ferske lånaren er like blid. "Da har du kanskje ei slik Detektivbyråbok i sten?" Jau, det er bibliotekaren rimeleg trygg på at ho har, og Operasjon Påskelilje blir raskt valt ut som fysste boka han vil låne heilt sjølv. Lånekortet har fått fast plass i sekken, og stolt legg han kortet på skranken, ordnar alt heilt sjølv, medan det blir ein nett, liten kø bak han. Han takkar høfleg for lånet, og tuslar blid bort mot sekken.

Medan bibliotekaren ekspederer dei neste lånarane, slit den store, vesle guten litt med å få boka ned i sekken, der han sit bøygd over sakene sine nede på golvet og tøyer og dreg i lokket på ranselen. "Kanskje du vil hå ein påså åt boken dine?" Jau, det høyrest lurt ut, tykkjer guten, og ut av sekken ramlar to rett så store gråsteinar saman med jakka som vart for varm å gå heim med i haustsola. "D æ da så fullt ni her frå før!" Ein velbrukt liten Apotek1-pose gjer nytten meir enn godt nok, og ut hoppar guten glad og tilfreds. "Da fekk e endele lånt ei bok, da! Ha de!"


Så varm blir bibliotekaren om hjarta av slike seint-på-dagen fredagbesøk at ho kjenner det smeltar litt heilt inst inne i bringa. Håpar du brånar litt, du som les, au. God helg!

Bloggar: Merete, varm om hjarta



1 kommentar: