Blinkskot frå året som gjekk |
Kva gjer vi med bibliotekdagboka vår? Skal vi fortsetja som før og dele større og helst mindre hedningar frå bibliotekkvardagen i Lom med dykk? Kan det bli for mykje av oss slik at vi skal skrive sjeldnare? Kortare? Enda lengre? (Si nei!) Er det på tide å legge om kursen og skrive om andre saker? Eller skal vi legge heilt ned og halde bibliotekkvardagen og våre bibliotekariske tankar for oss sjølve?
Slik undrar og spør vi på dørskøyllstokken til det nye året medan klassebesøka er i full gang i skrankeområdet og BibliotekAre entusiastisk reklamerer og ekspederer, og dei to vise kvinns held seg på bakrommet med skriveri og planleggeri av årets formidleri og frieri.
Om det finst nokon i vårt langstrekte land som har synspunkt på problemstillingane vi tek opp over, set vi stor pris på attendemeldingar! De er med i trekkinga av fruktkorg på neste bibliotekbasar.
Uansett godt 2019 til alle som les dette!
Rita
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettSkal eg vera heilt ærleg så har eg ikkje fått med meg at denne sida framleis levde. Men eg veit at eg kjem til å lese alt dykk skriv. Når ein bur så langt unna så set vi stor pris på å følgje med på kva som rører seg heime. Eg er fast lesar av Fjuken sjølvsagt, les kommunesida rett som det er og Facebook så klart. Biblioteka ligg mitt hjarte nær, så det er alltid interessant å få rapportar frå dykk.
SvarSlettSå triveleg å høyre, Marit! Vi set pris på at "utvandra" lomverar følgjer med på kva som rører seg her.
SvarSlettSkriv meir! Skriv meir både om kvardagen, bibliotekkvardagane, andre innfall de kanskje får - og ikkje minst om alle dei gode bøkene vi bør lese!
SvarSlettTakk for det! Vi skriv på!
SvarSlett