
Neil Gaiman & Terry Pratchett: Gode varsler; heksen Agnes Nutters fine og korrekte profetier
Ei humoristisk historie om verdas undergang. Ein klassikar som no endeleg er omsett til norsk, skrive av dei to favorittforfattarane til Are.
Tor Åge Bringsverd: Veneziansk spaserstokk med elefanthode; 4. råk
Denne essaysamlinga tek oss med på ei reise i kultur- og litteraturhistoria, og Tor Åge er jo berre heilt genial!
Øyvind Lauvdahl: Kjære sorgenfri
Ei tekneseriebrevroman om Onkel Reisende Øyvind sine møte med stader og menneske nord for polarsirkelen.

Jenny Erpenbeck: Alle dagers ende
Ei annleis forteljing som samlar hundre års europeisk historie i ein roman der hovudpersonen døyr fem gonger. Velfortent prisvinnar, meisterleg skildra!
Aglaja Veternyi: Hvorfor barnet koker i polentaen
Ei djuptgripande oppvekstskildring om to systre i ein sirkusfamilie, skrive i eit særeigent og poetisk fortetta språk som framhevar både det brutale og det humoristiske. Aktuell i ei samtid der mange flyktningebarn søkjer tilhøyrsle i ei framand verd.
Simon Stranger: Leksikon om lys og mørke
Dokumetarisk roman i ei vidunderleg språkdrakt strukturert etter alfabetet Omhandlar Stranger sin eigen svigerfamilie, fletta saman med historia om krigsforbrytaren Henry Rinnan. Dette er drivande vidunderleg lesnad om grufulle hendingar som aldri må gløymast, og ein velfortent vinnar av Bokhandlarprisen.

Naja Marie Aidt: Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake
Ei bok som gjorde sterkt inntrykk om det verst tenkelege scenario for dei fleste foreldre; det å miste eit barn. Forfattaren Naja Marie Aidt som miste sonen i ei ulykke, mista med dette også språket som kunne uttrykke sorga. Boka dokumenterer også at språket sakte kjem attende og korleis forfattaren finn ei slags trøyst i det andre har skrive om sorg og død.
Sigmund Løvåsen: Med øksene dei haustar inn
Sigmund Løvåsen debuterer som lyrikar med denne boka. Det gjer han på ein svært overtydande måte. Her er dikt om rundballar, arbeidshanskar, knulling i kornåkeren og gamle kvinner med termos på kyrkjetrappa.
Jan Grue: Jeg lever et liv som ligner deres
Jan Grue deler i denne boka tankar om livet med muskelsjukdommen, livet som rullestolbrukar, småbarnsfar og livet som outsidar. Ei bok eg plasserer i gate med Olaug Nilsens Tung tids tale og Lars Amund Vaages Syngja sjølv om desse to er skjønnlitteratur og Grues bok er sakprosa. Ei bok å bli klokare av som mange burde lesa!
Bloggar: Tre vise i kor
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar