Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 21. desember 2018

Lærdom til vintrar seinare

I 2018 har vi restaurert og oppgradert slitne viseskrottar i slik monn at vi går det nye året sprekt i møte. Trur vi.

Dette feira vi sist helg med eit julebord av det sjeldne slaget, der vi ruska saman det vi fann i skåpa heime, tok det med til biblioteket, og dekte bord for 8. Dessverre laut viseguten vår av ymse grunnar melde avbod i siste liten, og etter fjorårets liknande samling, sakna vi han sårt som DJ denne kvelden. Vi andre pynta oss som best vi kunne, svelta oss gjennom laurdagen, og møtte bokheimen svoltne og opplagde. For ei tyleg stund! Dette forklarar altså ljos i vindaugo på Lom folkebibliotek til langt ut i seine nattetimar sist helg. Matsvinn vart det heller ikkje prat om, då alt som låg att på fata vart med heim på resteball. Anbefalast!

Somme berre har det i seg.
Fenomenet med å pynte seg ligg forresten mest for einskilde, medan andre av oss (les; underteikna) slit litt med å få til nett dette. Skjørtnakne leggar tenkte eg høyrde tøyr og mindre hustrege dagar til, heilt til eg stod i døra her med potetsalaten og steika mi. Så har eg kanskje lært til vintrar seinare.

Skjørtnakne leggar i minus nokreogtjue utanfor ruta!
Vi ønskjer alle brukarar og andre kjenningar ei inspirerande jul og eit innhaldsrikt 2019, og minner om at vi held ope fram til kl 14 i dag, og mellom kl. 10 og 14 3. og 4. dag jul. Velkomne innom!

Bloggar: Kvardagskledde Merete



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar