Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 14. desember 2018

Upris og årets julelesnad! Lomverar anbefaler bøker.



Denne veka har vi som det fyrste biblioteket i landet, ja, faktisk i heile verda, fått æra av å låne Instagram-kontoen til Norsk bibliotekforening (@norskbibforening). Det synest vi er stor stas! Der har vi delt større og mindre hendingar frå bibliotekkvardagen i Lom og i Nord-Gudbrandsdalen. Nokre av dei lugume lånarane våre har stått fram med det dei les, bibliotekarane har synt seg fram til gagns med både obligatoriske selfiear, som kalenderpiker i bok365 og sanneleg har ikkje verdas beste bestemorbibliotekar hamna ute på Youtube!

I dag har vi lagt ut eit innlegg om 10. klassingane og Uprisen. 10. klasse på Lom ungdomsskule er ei av klassene som har skrive bokmeldingar til Uprisen 2019. Dei er ei av 30 utvalde klasser som melder norske ungdomsbøker og spelar med det ei sentral rolle i nominasjonsprosessen til Uprisen. I haust har elevane lese eit stort utval av ungdomsbøkene som har kome ut i år. Mads, Sander, Rønnaug og Dina har lese mange gode og deler i dag med oss sine favorittar. Kanskje blir ei av desse kåra til årets beste ungdomsbok i 2018. Følg med og les gjerne bøkene!

Mads: Heksenatten av Alexander Løken
Sander: Ellers er jeg ikke noe menneske av Agnar Lirhus
Rønnaug: Ingen er ei øy av Kari Saanum
Dina: Nedteljing av Anders Totland

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar