Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 7. desember 2018

Bugnande bokhyller

Dei siste vekene har det gått i eitt her i bokheimen med bokpresentasjonar for elevar på barneskulen og for mållag. Det har vore gaming og sal av gryteklutar, diverse møteverksemd og eit solid fakturagrunnlag har blitt lagt. Med éin i undertal i nokre veker, har det iblant vore tendensar til opphoping på sjefskontoret. Da sjefen måndag ikkje fekk brøytt seg plass ved kontorpulten, måtte eitt gjerast. Det var berre å gyve laus på kartongane på golvet og det gjevande arbeidet det er å registrere og ta vel imot nye bøker i samlinga.

Omsett
Eit syttitals kulturfondbøker og nye bøker som var i bestilling, vart registrerte og gjort klare for utlån. Nokre av bøkene var heldige og hadde lånarar som venta på seg. Hentemeldingar vart sende. Lånarane kom gladeleg og henta dei med opne armar, og bøkene fekk oppleva sjølve meininga med livet; å bli lesne av ein forventningsfull lesar, bli forståtte, kanskje elska eller hata. Dette veit vi ikkje sikkert enda.

Nokre av bøkene gjorde så godt fyrsteinntrykk på sjefen at ho tok dei med heim. Etter dette har ho vore ein svipptur i byen og førebudd ein bokprat i 4. klasse, og har ikkje hatt tid til dei, men dei veit at snart, snart så er det helga.

Norsk
Storparten av bøkene deler derimot ein annan lagnad. Dei ligg håpefulle i horisontalen på kontorpulten og ventar fortsatt på å bli oppdaga, at desse bibliotekarane snart skal få tid til ein kjapp gjønågang, og at dei ved nærare kjennskap, vil falle også for dei. Om dei ikkje vekkjer åtgaum hjå bibliotekarane, set dei sin lit til lånarane. På vegner av desse, vil eg minne om at biblioteka nå bugnar av nye og enda ikkje oppdaga bøker. Nett som eplekarten og tytingen på tuva, fortener dei å bli plukka. Med ynskje om ei LESkande helg!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar