Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 30. november 2018

Gaming og gryteklutar

I løpet av ei veke skjer det litt av kvart sjølv i dei minste bibliotek rundt om i landet. Her er to høgdepunkt frå veka som har gått i vårt bibliotek.

Førre fredag ved stengetid rydda vi bort bøkene og ein gjeng unge urbane ottverar kom strenande inn med pc-ar og ein haug gode greier og ordna til til gaming. Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen fekk i vår prosjektmiddel frå Nasjonalbiblioteket til at Blue Elite eSports kunne drive e-sports i biblioteka for 1. til 10. klassingar. Tilbodet er populært, og det blir arrangert turneringar rundt om i alle biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen denne hausten og vinteren.

Tonje og Are er dei ivrigaste gamarane her på huset. Dei har stilt velviljug opp utan at vi to andre trur dei har så mykje i mot det. Som Sigrid (10) sa: "Are og jeg er skapte for å game 24 timer i døgnet."


Måndag var pc-ane borte og borda bugna av meir tradisjonelt handverk. I år var Arbeidssenteret på plass att med dei fine handarbeidsprodukta dei har laga gjennom året.

Stemninga var god ute i fag vaksne. Vi høyrde latter og ein del tullprat der ute, så vi er litt i tvil om dei fekk strikka så mykje. Men vi er ganske så sikre på at den trivelegaste julehandelen fann stad på biblioteket denne dagen. Vi håpar at Arbeidssenteret står på og lagar like mykje fint neste år. Ein av bibliotekarane har lagt inn bestilling på gode og varme vottar.

Elles har Bibliotekdagene i Oppland gått av stabelen på Fagernes denne veka med fagleg påfyll og triveleg samver, og underteikna fekk seg ein formidabel tur over Valdresflya i strålande novembervêr.

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar