Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. november 2018

Uttabygdes

Foto: Mållaget Ivar Kleiven
Onsdag kveld fylte eg bilen med bøker og BibliotekAre og sette kursen mot Vågå og Mållaget Ivar Kleiven. For det fyrste har dei det finaste namnet på mållag eg veit om. For det andre synest vi  kveldane sy Vågå med fullt hus av mållagsfolk, er av dei tylegaste kveldane i året. Det har blitt ein tradisjon at vi på haustparten får førespurnad frå bygdekvinnelaget eller mållaget i Vågå, om vi, bibliotekarane i Lom, vil "kåmå søte" og presenterer eit utval av årets bøker. Det vil vi veldig gjerne. I år sakna vi superformidlaren vår som ligg heime og gror i desse dagar, men BibliotekAre tok utfordringa på strak arm og steppa inn, og vagverane let til å sette pris på både biblioteKAREN og bøkene han hadde med seg. Dei velvaksne jentene på fremste rad knitla og skratta godt av den råe og hardbarka Gauphosta.

Vi håpar denne snart ligg under tre
Kva hadde vi så elles plukka ut til vagverane? Vi hadde naturleg nok eit knippe romanar på nynorsk som har kome ut i løpet av året. Vi hadde også med noveller og kortprosa, bøker som burde vore på nynorsk, eldre bøker med perleskin som vi har oppdaga i år og dei beste diktsamlingane på nynorsk. Den ualminneleg fine diktboka til Sigmund Løvåsen Med øksene dei haustar inn, fekk æra av å binde det heile i hop. Innimellom kvar ny bok las underteikna opp eit dikt frå denne. Dikta passar godt til alle som har eit forhold til ein gard, ei elv, ein skog, eit tre eller ei bygd, altså til dei aller fleste. Det er også ein framifrå julegåveidé.

Vagverane fekk mange gode boktips til leselystaksjonen Vinterles. Blant dei beste som passar dei fleste, vil vi trekkje fram Brit Bildøens Tre vegar til havet og Erlend O. Nødtvedts Vestlandet. Vi takkar for ein triveleg kveld synna tunnelen, for blomar og god kaffi og kringle.

Rita





2 kommentarer: