Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 16. november 2018

Vinterles

I går drog vi i gang Vinterles for å spreie litt leselyst i vintermyrket. Vinterles er ein leselystaksjon for vaksne i regi av biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen. Les fem bøker fram til 15. april, få Vinterles-krus og bli med i trekkinga om ein flott hovudgevinst. Denne gongen er det middag for fire personar på Billingen seterpensjonat i Skjåk.

Biblioteka våre bugnar av bøker som lengtar etter å bli lesne. Bibliotekarane kan hjelpe deg med gode boktips. Det er det vi er der for. I dag deler vi tre to, eitt i kvar hand, superdupre boktips kvar. Dette spesielt for dykk, vyrde lesarar. Ver så god! Løp og lån!

Tonje tilrår Gelé  og
Slik natten er. Fortellinger fra Aleppo  


Are tilrår Levende bilder og Skada gods

Rita tilrår Sommerlys, og så kommer natten og
Ein gartnar døyr


Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar