Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 9. november 2018

Trähyss

Hei, du!

Trähyss, seier du. Kjenner eg deg rett, så lurar du sikkert skikkeleg mykje nå på kva det er. Det skal vi avsløre for deg om få straksar, men fyrst så kan du koma innafor døra og sette deg litt i godstolen vår her saman med korsstingsbroderia. Du kan slå av ein prat med bibliotekaren i skranken eller bla litt i Urd av Ruth Lillegraven som ligg på bordet der. Har du ikkje lese Urd, seier du? Ja, men det må vi sjå til å få gjort noko med! Viss du fyrst byrjar å bla og lesa, så blir nok Seselja med deg heim, skal du sjå. Det er fint slik med bokfolk. Ei kan berre ta dei med heim og bli kjend med dei, fritt, til uforpliktande gjennomsyn, og levere dei når ein blir lei. Eller kjøpe og få dei til odel og eige, da, dei som ein likar aller best. Ikkje like liketil med menneskefolk det der. Og bra er vel det, kan hende. Det hadde nok blitt huttet tutte tei og mykje bråk hu hei. Bokfolk er greie. Dei finn seg jo i alt. 



Men det var det der med trähyss, ja. Og viss du nå er på tur til å fortvile og tru at denne teksten manglar ein raud tråd, så kan det vera at du er for rask i konklusjonen din og at du tek skammeleg feil! (Dette kan du lett overføre til andre delar av livet også viss det på slutten skulle syne seg at du tok skammeleg feil, og kanskje kan det hende deg at du går ut av denne bibliotekdagboka med nyerverva og viktig visdom i dag. Vi får sjå.) 

Attende til trähyssa. Du hugsar sikkert godt kvar ordet hyss kjem frå. Nemleg. Det var jo Emil i Lönneberga som dreiv med hyss. Som straff for sine hyss, måtte Emil sitje i snikkerbua. Han vart frårøva fridomen til å ferdast der han ville, men Emil sat ikkje gjerandslaus i snikkerbua. Langt ifrå. Han tok kniven ved skaftet og spikka ei heil rekkje flotte og finurlege trefigurar. 

Nå veit vi ikkje sikkert om elevane i sjuande klasse på Loar har vore spesielt umoglege og drive med hyss i hytt og vër, men dei har iallfall spikka trefigurar akkurat som Emil. Biblioteket har vore så heldige å få besøk av desse skapningane som nyss har sett dagens ljos i snikkerbua på Loar. De skal få helse på fire utvalde her i dag; Bjart Kåre, Gluggle, Kalle og Sjille, men de må lova oss å teia stille om dette. Det går ville rykte om at nokre av trefigurane blir å finne under årets juletre og at foreldre, besteforeldre, grannar og onkelonklar kan bli lykkelege eigarar av desse skapningane. Vi tør ikkje ta sjansen på at rykta ikkje stemmer, så ver snille å berre sjå og hald tett! Heile gjengen blir ståande på biblioteket til nærare jul. Kom og sjå!

Bjart Kåre

Gluggle



Kalle
Sjille

Og viss du får tak på ein raud trådstubb her inne, så vil du etter kvart kunne nøste deg fram til at det overordna temaet for dette dagbokbladet er h a n d a r b e i d. Nettopp! Gratulerer med ny livsvisdom og god helg!

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar