Lise Forfang Grimnes, Linn T. Sunne og Nina Nordal Rønne - IBBY sin dyktige trekløver på Otta i år. |
Kvar haust opplever vi ein inspirerande opptur når IBBY kjem til dalen med sin turné, der vi blir oppdatert på det beste av barne- og ungdomsbøkene frå det siste året. Dyktige formidlarar har lese seg opp på kilovis av ny litteratur for målgruppa, og bibliotekarar, lærarar og barnehagetilsette kan om eftan gå mektig inspirerte heim etter den tenlegaste dagen gjennom heile den myrke hausten. Dessverre fall denne turnéen i år saman med m.a. foreldresamtalane i både barne- og ungdomsskulen for Lom sin del, noko som resulterte i litt for dårleg deltaking. Då blir det vår jobb å formidle vidare det vi fekk av gode tips, og spreie den nye litteraturen til store og små som treng og fortener det. Trioen som besøkte Otta tysdag denne veka er alle glimrande formidlarar som tydeleg brenn for litteraturen, og maktar formidle engasjert og levande. Takk for innsatsen de gjer!
For vår eigen del står fleire formidlingsoppdrag på planen framover, der første stopp blir Mållaget Ivar Kleiven i Vågå. Dei har vore ein trufast oppdragsgjevar for oss kvar haust gjennom fleire år, og få plassar møter vi fleire engasjerte litteraturinteresserte enn nett der. Det er såleis litt vemodig for meg at eg i år lyt sende av stad dei to andre på huset utan at eg får delteke, men eg satsar på å vere i drift att til Linn og eg skal besøkje Hedmark sist i november. God helg!
Fotograf: Linn T. Sunne.
Bloggar: Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar