Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. oktober 2018

Den nye opplysingstida

Medan sjefen har vore borte, har mysene så til dei grader dansa på bordet her i bokheimen. Dei sviv fortsatt rundt i erotisk rus, og etter innslag både på radio og fjernsyn førre helg, er dei nå mest ikkje tålåndest ve. Det skal seiast at det var gildt å vera vitne til korleis dei utfalda seg i sine erotiske dialogar, og sjefen var gresseleg stolt av dei der ho sat i salen med store augo og munnen på vidt gap, av skratt, altså. Stor stas var det også at sjølvaste NRK tok turen til Lom denne kvelden, all ære til dei for det! Men det seier seg sjølv at vi ikkje kan gje desse to meir merksemd enn dei allereie har fått nå. (Om de likevel vil sjå innslaget som vart kringkasta til alt folket, så ligg det i lenka under bildet, men gjer ikkje noko nummer ut av det!)

Merete og Are i erotisk samspel. Opptak: Even Lusæter, NRK.

Når dette er sagt, tyder det på at dei absolutt er inne på noko, desse to over. Eg er nyss attkomen frå Nasjonalbiblioteket si årlege konferanse for bibliotekleiarar der temaet var Framtidas folkeopplysning. Det var svært gledeleg å høyre sjefen vår, Aslak Sira Myhre, prate oppelda og optimistisk om biblioteka si rolle som folkeopplysar og formidlar i framtida. Det er søt musikk i mine øyro at vi er i starten av, ikkje i slutten av, ein opplysningsperiode, og at han ser for seg at den neste nasjonale bibliotekstrategien set folkeopplysing og den aktive formidlaren på topp.

Nasjonalbiblioteket er på det næraste i hamn med sitt gigantiske digitaliseringsprosjekt. Men tilgjengeleggjering av litteraturen er i seg sjølv ikkje nok. Formidling må til for å få litteratur og informasjon ut til folket. Folk treng påliteteleg og trygg informasjon i ei tid der falske nyhende blir spreidde seks gonger raskare enn sanne. Dersom Nasjonalbiblioteket med Aslak i spissen, lykkast like godt med denne strategien som med digitaliseringsstrategien og utviklinga av biblioteka som arrangementsarena, går biblioteka ei lys framtid i møte. Tek vi med bodskapen frå Robert Mood om at vi må slutte å utdanne menneske til det robotar er best til, og prioritere å utdanne menneske som jobbar for fellesskap og kultur, står den den aktive formidlaren sterkt. Difor er det ekstra viktig for biblioteka å hegne om personalressursane våre.

Morgon på fjordhotell.
Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar