Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 12. oktober 2018

Gamal gamer attende på gampen

Jelly Monsters (Pack Man) frå VIC-20
Eg er ein gamal gamer (spelar). Fyrst på 1980-talet kom det ein VIC-20 datamaskin heim til oss i Rælingen. VIC-20 var ein av dei fyrste datamaskinane for heimebruk, og forløparen til den meir kjende Commodore 64. Dei tidlege datamaskinane vart nok mest brukt til å spele videospel. Samanlikna med moderne spel er ikkje dei gamle spela mykje å skryte av, men eg skal lova at eg vart raskt hekta på klassikarar som Jelly Monsters (Pac Man), Avenger (Space Invaders) og Jupiter Landing. Interessa held seg, eg har spela på Atari, Nintendo, Sega og PlayStation gjennom åra.

Blue Elite eSports er ein friviljug organisasjon frå Otta. I samarbeid med biblioteka i Nord-Gudbrandsdal arrangerar dei esportturneringar, N-Games, heile 6 kveldar på kvart bibliotek. Tilbodet er gratis, og målgruppa er fyrste til tiande klasse på skulen.

Rocket League frå PS4
Den fyrste spel-kvelden her i Lom vart i haustferien. Gjengen frå Otta hadde med 8 skjermar og 16 handkontroller, så det er plass til mange spelglade unge. Dei yngste i biblioteket (Are og Tonje) melde seg kjapt til å vere på jobb. Oppmøtet vart ikkje stort, men oss legg skylda på ferie og er nokså faste i trua på at fleire finn vegen til spel-maskinane neste gong. Dei unge bibliotekarane såg sitt snitt til å få testa esport, og levde seg kjapt inn i Rocket League (eit bilspel der bilane spelar fotball) då det var ledige plassar foran skjermane. Det var jælma kor artigt oss hadde det med gassing, svinging, køyring opp langs vant, saltospretthopp og turboboost. Om ikkje dei erfarne bibliotekarane finn ut at dei vil spela, kan du vere trygg på at eg og Tonje er her også neste gong N-Games kjem til Lom.

SpelAre


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar