Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 4. oktober 2018

Har `kje gjort kva gjerast skulle...

I dag var dagen då bortimot ingenting fungerte som det skulle, og storparten av tida gjekk med til å gjere ting ein ikkje fekk gjort. Heldigvis jobba Are trufast ved skranken heile dagen, godt supplert av Tonje, slik at assisterande sjef fekk konsentrert seg skikkeleg hardt om alt ho ikkje fekk ordna. Då kan i det minste samvitet slappe av - ein har jo trass alt prøvd. Og morgondagen kjem lell, han!


Haust- og vinterferievekene er vanlegvis dei to fredelegaste vekene på Lom folkebibliotek gjennom heile året, noko som slår til denne gongen også. Lånarane er for det meste ferierande born, og besteforeldre som nyt tida med dei ytste kvistene på slektstreet. Nokre av dei har etter kvart vakse  seg til ganske så gilde greiner, som framleis veit å verdsetje tid saman med bestemor og bestefar. Dette er trivelege møte for oss tilsette, som er glade for å tilby varme rom og god lesnad på gråblaute haustdagar.



I morgon efta har vi den første e-sportturneringa vår her i Lom, då dei friviljuge i blueeliteesports inviterer 1. - 10. klassingar til esportturnering. Kl 17 opnar vi dørene, og både Are og Tonje er på plass for å halde litt styr på moroa. Lykke til!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar