Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 7. september 2018

Tre Diktardagar til ende

Førre helg gjekk Diktardagar av stabelen i dei tre bygdene Lom, Skjåk og Vågå. Totalt 27 større og mindre arrangement stod på programmet på litteraturfestivalen der 200-årsjubiléet til Aasmund Olavsson Vinje og barne- og ungdomslitteratur var tema.

Arnfinn Kolerud og Snillionen.
På biblioteket inviterte vi sjølvaste Arnfinn Kolerud på kanelsnurr torsdag. Han var hyra inn til å besøkje 6. klassingane i dei tre kommunane. Dei fekk den glede å høyre han prata om den kritikarroste Snillionen som handlar om Frank og mor som vinn 24 millionar i Lotto. Kva elevane ville gjort om dei vann og om mykje pengar gjer oss slemme, vart diskutert i klassene. Forfattaren kunne røpe at i alle klasser på alle skular var det minst ein av gutane som ville kjøpt seg Lamborghini for pengane. Det slo ikkje feil blant 6. klassingane i Lom heller, men ein realist i gruppa meinte at ein Lamborghini passa dårleg på vegane her i Lom.

Torsdag kveld var det filmsnurr og framsyning av TV-programmet Vinje i Jotunheimen frå 1968. Der fortel professor i nynorsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo, Olav Midttun, om Vinje sitt forhold til Jotunheimen. Litt sus i salen vart det da vi kunne fortelja at Vinje overnatta akkurat her i dette bygget i oktober 1861, da han tok inn hjå presten Aars. Slik fjernsyn blir det ikkje laga lenger, og vi som var samla, synest at det er litt leit. Vi var einige om at det hadde vore ei triveleg og lærerrik stund. Gode forteljarar går aldri av moten.
Cecilie Enger les frå Pust for meg.
Laurdag fekk biblioteket besøk av Cecilie Enger som hadde opplesing og prata om den siste boka si, Pust for meg. Det var ein engasjert forfattar som tok opp spennande og tankevekkjande tema, og vi kan varmt anbefale andre bibliotek å invitere Cecilie på forfattarbesøk.

Johan B. Mjønes med den nye boka Heim.
Det gjekk elles slag i slag heile helga, og underteikna sprang frå det eine arrangementet til det andre med diverse hattar. På bokbadet laurdag kunne ho senke skuldrene og legge frå seg alt ansvar og berre kose seg i bokbadet med Maria Parr, Cecilie Enger, Johan B. Mjønes og Magnhild Bruheim som skrubba med røynd hand. Dei to vise kvinner på biblioteket var ekstra nøgde med at nettopp Johan kasta seg rundt og steppa inn i siste liten etter at den eine melde avbod til bokbadet. Når vi i tillegg vart honorerte med signerte eksemplar av den nye boka hans, Heim, var vi så nøgde at vi ikkje får plass til å uttrykkje det her i dag.

Rita
Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar