Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

lørdag 15. september 2018

Knausgård, Harstad og eit grensesprengjande sjølvilete

Redusert mannskap fredag gjorde sitt til at bloggen fekk kvile ei ekstra natt, heilt til underteikna i dag kom borti ein slumpetreff som berre skreik om å bli nemnt i det offentlege. For her på huset slumpar ein borti så mangt, strategisk plassert som vi ligg, midt i kjernen av alt Lom kan by på.

I dag kom ei eldre lita dame ruslande inn her, fór over alle romma med stokken takstfast tappande mot golvbelegget, tydeleg på leit etter eitkvart. Fleire gongar halta ho forbi meg utan å ofre eit einaste augekast på bibliotekaren, før ho langt om lenge våga seg bort åt skranken og spurde forsiktig kva for språk eg helst ville kommunisere med henne på; nederlandsk, tysk eller engelsk? Sjefen har i lang tid understreka at eg har eit sjølvbilete som til tider sprenger alle fornuftige grenser, så eg valde i dag å konversere på engelsk. Det synte seg at eg hadde ei nederlandsk, og svært lærd, pianistinne framfor meg. Ho var på jakt etter bøkene til Elena Ferrante og Karl Ove Knausgård, helst i tyske utgåver, eller til naud engelsk, då. Ho hadde lese dei alle, skrytte dei velfortent opp skyene, og ville no tipse venninna si om desse fantastiske forfattarane: "Knausgård must be a big star here in Norway?" Jau, eg laut vedgå det, vi kan smykke oss med slike som han, ja! Litt synd var det då at eg ikkje kunne hjelpe henne med utgåver på andre språk, og heller ikkje hadde eg store noteverk ho kunne få studere, så ho skunda seg vidare i verda. 

Ho var ikkje meir enn ut døra komen, før eg var på nippen til å flyge ut å rope henne inn att. "Men du, har du ikkje høyrt om Johan Harstad, da? Han er også norsk, og nettopp kåra til vinnar av Europese Literatuurprijs 2018 i Nederland med Max, Mischa & tetoffensiven! Prisen blir delt ut i Haag i oktober, og du berre MÅ lese den boka!"

Eg tok meg i det, vog boka tungt i neven og tenkte med meg at nei, dette meisterverket får ho vel med seg om ikkje eg set laurdagen på ende for henne. I mellomtida kan eg sjølv nyte Harstadtilstanden eg har gått inn i i lange, frydefulle drag. God helg!

Norsk bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar