Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 21. september 2018

Alt for erotikken! Og litt for husfliden.

Einskilde av oss her på huset er så glade i å lesa høgt at ein ratt kan høyre deklamering både frå kjellarmagasin og do, om ein slumpar til å streife forbi rette gongen. Difor kom det som ei lita gåve for vedkomande då husflidslaget ønskte prøvekveld med "Strikk og lytt" her hos oss tysdag kveld. Val av tekst fall også heilt naturleg denne kvelden, då Lillegraven sin nydeleg diktroman "Urd" er som skapt for eit slik høve -også. Dei flittige sjelene fekk hovudsakleg høyre om sydama Seselja, som vigde livet sitt til å sy for andre menneske. For henne var singermaskinen og målebandet den viktigaste reiskapen i ei tid då folk hadde bruk for både å få sydd ny klede, lappa saman gamle, lagt ut og sydd inn etter som åra gjekk. Ei nostalgisk, lyrisk forteljing som fall godt i smak hos handarbeidsdamene, og som er ein fryd å formidle. Etterpå fekk dei nokre smakebitar frå diktsamlinga "Hekla myter" av Eli Fossdal Vaage - ein absolutt naudsynt kjennskap for leseglade handarbeidsinteresserte. For ein triveleg kveld!

Strikk, sy og lytt. Så triveleg!

I går kom det rekande ei uhorveleg stor og tung pakke til oss uti gangen her! Spente som tre julekveldsstemte born drassa vi inn vidunderet, og opna det som skulle vise seg å vere den nyinvesterte mobile scena vår, med transporttralle og det heile! Tonje og Are, som har desidert best handlag med reiskap i kollegiet, stod for monteringa, medan underteikna fekk æra av å prøvehoppe saman med Are for å sjå om investeringa heldt vekt. Remediet stod støtt som eit fjell, og dei to prøvehopparane gler seg no stort til å innvie scena under arrangementet "Erotiske dialogar" i samband med Lomsfest den 20. oktober. Største utfordringa der blir vel å få sprengt underteikna inn i tiltenkt kjole, og det er såleis sett i verk streng diett både på bakrommet og i smedheimen... Hald av kvelden, og følg med på vidare informasjon!

Halve scena montert, og tralla på gang.

Begredeleg dugurd for einskilde... Alt for erotikken!
Bloggar på diett: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar