Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 31. august 2018

"Her er so vænt, det kann meg grøta"

"Her er so vænt, det kann meg grøta,
for det um eg er vaksen Karl,
for Dal og Fjøll og Sol meg møta
som heime, daa eg liten var."

Frå Ferdaminni av Aasmung Olavsson Vinje

Jettsetra bada i kveldssol inst i fjelldalen

Under store arrangement er det støtt gildt å spela på godlag med veret, for slik å få synt fram vakkersida åt heimbygda. Det var difor knytt spenning til om dette ville slå til då det første arrangementet under årets Diktardagar skulle haldast i går kveld. Det var lagt opp til vandring i fotefara til Vinje inn til Jettsetra i Vågå, der Ola Grøsland skulle vise veg og fortelje om Vinje sine vandringar i området sommaren 1860.

For ein start dette vart på den lange rekkja hendingar knytt til desse Diktardagane! Turguiden Ola hadde gjort særavtale med alle dei rådande vergudane, som sytte for at leia der Vinje hadde trakka før oss no låg og skein som ei glansros i kveldssola. Til mitt hell fekk fire karar i følgjet på tur opp fjellvegen vanskar med bilen, og eg kunne by på skyss dei siste høgdemetrane, åleine som eg var i min vesle kvite. Praten gjekk laust, og eg vart etter kvart litt sett ut, då eg skjønte at det var ein mine favorittoversetjarar som sat i baksetet, saman med ingen ringare enn oldebarnet til sjølvaste Georg Sauerwein! Språkmakta breidde formeleg om seg i baksetet, og eg kjende meg med eitt litt priviligert som fekk skysse slike folk til fjells.


Inst i fjelldalen nådde vi kveldssola akkurat tidsnok, der leiaren av Mållaget Ivar Kleiven, Kari Hølmo Holen, møtte oss med varm bålkaffe og fersk snippbakst, før eigarane av Jettsetra fortalde om historia til sjølve plassen. 35 lydhøyre vandrarar høyrde deretter Grøsland fortelje om denne særeigne mannen som namna Jotunheimen, og sidan skreiv så vakkert om si oppleving av desse heimtraktene våre:

"Kver Sin og Segi stram seg spenner;
og løyst eg er af alle Band,
og paa mit Hovud liksom kjenner
eg livsens varme signad Hand"

Frå Ferdaminni av Aasmung Olavsson Vinje
(Seni = sene)


På heimveg trilla den runde raude stilt over fjellradene, medan vandrarane rusla tenksame gjennom lyngen i det velsigna vakre lendet, rike i sjela og litt klokare enn før på dagen. Takk, Diktardagar!

Fotefarbloggar: Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar