Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 24. august 2018

Bestemødre med blaute draumar

For ein sommar! Dette var ferien då sjølv ei gammal, tørr bibliotekarbestemor spratt heit og bortimot naken mellom innturka bekkefar i fjellet, og vedgjekk glatt at ho hadde blaute draumar om nettene. Graderstokken stanga blodraudt i taket veke etter veke, og dei mange planlagte dagsturane ruslande i sjøldæle i fjellet laut rett som det var vekslast inn i sløve lesestunder i skuggen av trollfuru bak hytta. Og der, rett ved sida av furuleggen, møtte eg denne ferien det mest fortryllande vesle vesenet ein aldrande bibliotekar kan støyte på: Ein søt perleugleljukling hadde nysst segla ut av den trygge kasseheimen oppi krona, og sat fortumla i graset og tok inn lydane og vibrasjonane frå den store verda. Ei fortuleg samtale hadde vi der på bakken, før den vesle intelligente fjørkledde krakte oppover i fjellskogen. Slik ei oppleving!

Bibliotekaren i møte med Vesle Perle
Ei anna sjeldan oppleving var då niesa på hyttebesøk overvelda lykkeleg over sommarens første regnskur sette seg ut for å nyte veret som endeleg kom. Bok og bunding (strikkety) vart grunna omstenda att innomhus...

Niese nyt veret


Som formidlande bibliotekar tek ein aldri heilt fri frå gjerninga. Støtt, støtt må ein oppdatere seg på ny litteratur, helst litt utanom dei bøkene alle andre les. Denne sommaren har ein rumensk forfattar gjort djupt inntrykk på meg med romanen Hvorfor barnet koker i polentaen. Avdøde Aglaja Veteranyi formidlar i denne boka ein oppvekst utanom det vanlege, der forteljingane to systre fortel kavarandre blir det faste haldepunktet i eit omflakkande tilvære. Ei bok frå 1999 som kanskje er meir aktuell no enn då ha vart gjeven ut. Heldigvis for meg, kom ei av mine beste litterære venninner på besøk til meg i fjellet i sommar, så vi fekk utveksla nytt på bokfronten medan vi rusla frå fjellvatn til fjellvatn. Kanskje tek vi oppdrag saman også denne hausten..?

Dreamteam på pappkrustur

Elles trimmar underteikna for tida bicepsen med Johan Harstad, som eg kan vedgå er både ei glede og eit ork å ligge under i ektesenga. Med over 1000 tettskrivne sider er Max, Mischa & tetoffensiven litt i overkant sjølv for meg, men eg trøystar meg med at det sikkert hjelper på grevinnhenget...
Og medan sjefen sjølv er i Vinje og held store foredrag, let vi andre oss ikkje affisere av at ho i vanvare sette att ei gild skål proppa med søte sjokoladebitar før ho reiste, plassert slik at vi ikkje kunne unngå å tusle forbi maange gonger... God helg!

Sjefen hadde ein gong ei lade...


Bloggar: Merete, som et berre plommer...





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar