Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 17. august 2018

Bibliotekturisme

Medan BibliotekAre hoppar på lette fot over lynget, over lynget, og nyt dei siste feriedagane i høgfjellet med si kjære, er viskvinnene attende i den vante tralten der dei drikk sin daglege morgonkaffi med betraktningar over livet og litteraturen. Kva dei har på nattbordet, er eit dagbokblad i seg sjølv. Minst. Men vi kan røpe så mykje som at bestemorbibliotekaren har oppdaga Johan Harstad sidan sist. Med augun oppi hårgarden og fistel i målet, legg ho ut om Max, Mischa og tetoffensiven. Boka er på over tusen sider, og innimellom kaffislurkane kan ein nå rett som det er sjå at ho sit og fleksar med biscepsen. Ho om det.
Lesande bibliotekar
Sjølv om det syng på siste verset for sommaren, ser det ut til å vera høgsesong for bibliotekturisme.  Førre veke reiste eg sjølv frå det trygge Innlandet til det store Utlandet som bibliotekturist. Eg gjesta Almedalsbiblioteket i vakre Visby og var ein tur innom stasbiblioteket Stockholm stadsbibliotek.
Bernadette Holmes, bibliotekar og bibliotekturist
frå Perth, Western Australia
Denne veka oppdaga vi to damer som spankulerte rundt og skvatta (ikkje skvetta!) i kvar ein krik og krok på biblioteket. Det var ikkje vanskeleg å skjøne kva dei var. To typiske bibliotekturistar frå sjølvaste Barcelona. Sidan spansken er avgrensa til Por favor-valfag i 8. klasse, og sidan bibliotekarane frå Barcelona akka seg over den skrantande engelsken sin, vart kommunikasjonen så som så, men dei var imponerte over lydboksamlinga vår. Sånt no hakke vi i Barcelona, sa dei. Og dei syntest at barneavdelinga var muy bueno, very nice! Trass språkbarrierane følte vi at vi var på bibliotekarisk bølgelengd, og i går kom ein ny bibliotekar innom og sette ord på det for oss. "Librarians are the same all over the world", sa Bernadette, som kom all the way from Perth, Western Australia. Vi nikka og ynskjer bibliotekturistar og andre farande fantar frå fjern og nær hjarteleg velkomne innom. Det tykjy åss æ jælma tyle, og håpar vi kan uttrykkje det slik at alle skjønar.
Almedalsbiblioteket. Kombinasjon folke- og universitetsbibliotek.
Til dei fastbuande kan vi melde om at Diktardagar nærmar seg, og vi har bøkene. Les deg opp før dagane set inn! Sommartidene er over, og frå neste veke er opningstidene som før. Vi har restsal på bibliotekboksarar for tida. 20 kronor per stykk! Løp og kjøp! Og så har sanneleg startskotet gått for ein ny, god bokhaust, folkens! Great expectations, som døm si i utlandom. Vel møtt!
Bibliotekturist Almedalsbiblioteket
Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar