Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 6. juli 2018

Bibliotekets venner i Lom

Sist i april skreiv vi om tronge tider og trufaste lånarar i innlegget  Lånarane set i gang innsamlingsakjson. Vi deppa over ein botnskrapa kommuneøkonomi, men gløden frå trufaste lånarar vermde godt i skjelvande bibliotekarhjarto. Godt over to månader seinare logar elden framleis som eit vennskapsbål mellom biblioteket og lånarane. Gruppa Bibliotekets venner i Lom samlar inn sårt tiltrengte kroner via vippsa og bankoverførte gåver gjeve av godhjerta menneske med engasjement for biblioteket. Vi takkar audmjukt for all støtta, og lovar å forvalte pengane til det beste for biblioteket og lånararane. Ein føresetnad for å ta i mot slike pengegåver er at tilskota ikkje på noko vis vil styre innkjøpa våre, men inngå som ein del av det totale bok- og mediabudsjettet til det beste for samlinga og lånarane våre. Vi er rørde over omtanken og engasjementet i ein vanskeleg situasjon, og sender ein sommarvarm takk til alle som engasjerer seg i saka! Biblioteket femner jo folk av alle slag i alle aldrar frå alle lag av folket, så gåvene dykkar kjem rett og slett alle til gode!

Neste veke må de stelle godt med Are, mannen som skal stelle biblioteket einsleg. Sjølv impregnerer eg fjellskoa, kastar BH`en og tek ferie i vekesvis, men det skulle ikkje fortuste meg om ein nysprek sjef snart dukkar opp att bak skranken. Retteleg god sommar til dykk alle!

Bloggar: Frilyndte Merete





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar