Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 27. april 2018

Lånarane set i gang innsamlingsaksjon

I går lyste ein av våre mange gode lånarar mot oss på framsida av Fjuken. Lånarane har tatt initiativ til ein innsamlingsaksjon til bokkjøp på biblioteket. Vi som jobbar her set sjølvsagt stor pris på dette engasjementet blant lånarane. Det viser at biblioteket betyr mykje for mange i bygda. Det er vi veldig glade for. Når det er sagt, er det ein lite ynskjeleg situasjon for biblioteket sin del. Vi skulle sjølvsagt ynskje at bibliotekbudsjettet dekte behovet for innkjøp av nye bøker og medium.  I dag har dei fyrste vore innom og lurt på korleis dei kan gje pengegåvene. Det er enda ikkje avklart korleis det skal ordnast reint praktisk. Så fort det er avklart med kommunekassen, vil vi informere initiativtakarane slik at dei spreier informasjonen vidare til andre. For oss er det viktig å få fram at dette er lånarane sitt eige initiativ, at det er ein aksjon som dei står bak og heilt og halde er i deira regi.

Kjetil Eriksen går i bresjen for innsamlingsaksjon til biblioteket.
Foto: Vigdis Kroken, Fjuken
Vi kjenner også behov for å seie litt meir om bakgrunnen for at denne situasjonen har oppstått. Det er tronge tider i kommunal sektor. Eldrebølga er i ferd med å slå inn for fullt, og for Lom sin del, som er ein liten kommune i periferien, har overføringane frå staten blitt reduserte. Saman med ein del andre faktorar, fører dette til ein svært anstrengt kommuneøkonomi. I ein slik situasjon er biblioteka ekstra utsette. Biblioteka kan ikkje slå i bordet med liv og helse eller opplæring på same måte som helsetenesta og skulane. Biblioteka er ei lovpålagd oppgåve, men lova set ingen føringar om storleiken på ressursane som skal brukast på bibliotek.

Ved nyttår fekk biblioteket varsel om nedskjeringar på om lag 140.000. Vi er ikkje aleine om å oppleve nedskjeringar og er fullt innforståtte med at biblioteket ikkje kan skjermast når kommunen må spare fleire millionar. Mange andre bibliotek blir også utsette for kutt, men til samanlikning tilsvarar nedskjeringa i Lom den som Trondheim bibliotek med alle sine filialar måtte gjennomføre. Eit slik kutt betyr sjølvsagt mykje for eit lite budsjett som vårt.

Da vi fekk beskjed om å kutte i budsjettet, valde vi å halde på personalressursane. Vi legg vekt på å  drive aktiv formidling av litteratur både overfor skulane i kommunen og overfor andre lånarar. Vi har prioritert dette i fleire år, og i 2016 fekk vi tilsett ein formidlar. Stillinga er ikkje større enn 30%, men for vår del er 30% BibliotekAre uhyre viktig. Vi har i løpet av dei siste åra opparbeidd god kompetanse innan formidlingsfeltet og opplever at formidlingstenestene våre blir etterspurde utover Lom sine grenser. Tidlegare i april var vi til dømes i Trondheim og presenterte Årets bøker for bibliotekarane der.

Overfor skuleelevane er det viktig at vi har ein mann som pratar bøkene ut av hylla. Ikkje minst er dette viktig for gutane. BibliotekAre er den "kule" av oss. Det er han elevane spør etter, om han kan finne bøker til dei. Han er ein flott rollemodell. Ein kul mann som les bøker! I tillegg er det avgjerande for opningstidene at vi er tre tilsette. Det sit langt inne å gje slepp på denne ressursen i biblioteket. Vi bestemte difor at bokbudsjettet måtte raserast. Det vart meir enn halvert. Det same vart posten for innkjøp av andre medium. Posten for arrangement vart godt som fjerna.

Kjetil pendlar og er storkonsument av lydbøker.
Foto: Vigdis Kroken, Fjuken.
Det er mange måtar å drive bibliotek på. Det går an å redusere drifta til eit minimum både når det gjeld opningstider, innkjøp av bøker og andre medium og formidling. Dette er stoda rundt om i mange kommunar. Mange bibliotek har personalressursar tilsvarande eitt årsverk eller mindre. Det seier seg sjølv at det avgrensar seg kor mykje desse biblioteka kan drive aktiv formidling slik lova pålegg. Å skape eit godt og attraktivt bibliotektilbod med gode opningstider, blir vanskeleg med så små ressursar.

I ei årrekkje har vi også jobba med bibliotekutviklingsprosjekt som har tilført kommunen og biblioteket kjærkomne eksterne middel. Vi har sett dette som den einaste måten å utvikle biblioteket på. Vårt kommunale budsjett som på langt nær har vore blant dei dårlegaste i bibliotek-Norge, har ikkje rokke til aktivitetar utover normal dagleg drift.

Den dårlege satsinga på bibliotek som ein ser i mange kommunar, brukar andre kommunepolitikarar og administrasjonar i argumentasjonen for å redusere budsjetta i eigne kommunar. Dette er ein farleg bruk av KOSTRA-tal og ein ond sirkel for biblioteka. Iblant kan ein få inntrykk av at biblioteket er eit nødvendig, lovpålagd "onde" som kommunane prøver å koma unna med så små løyvingar som mogleg. Skal føremålsparagrafen i biblioteklova vera gjeldande, og skal intensjonane med den statlege innkjøpsordninga for litteratur oppfyllast, må denne utviklinga snuast. Her må nasjonale aktørar og politikarar vera seg sitt ansvar bevisst.  I motsatt fall utspelar folkebiblioteka si rolle, og tilsette som ivrar for jobben, forsvinn ut av sektoren på grunn av lite tilfredsstillande arbeidstilhøve.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar