Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 4. mai 2018

Unge stortalent og ein vinterlesforfattar

De får berre orsake pisøygde framtoningar i gammelprestgarden ei ri framover. Maidagane tøyer grenser i båe endar, og likevel strekk ikkje tida til å setje seg godt nok inn i alle dei nye bøkene som strøymer til biblioteket frå kulturrådet. Etter fuglekvitrande grytidlegmorgonar og stemningsfulle arrangement utover seine kveldstimar, flyt orda saman til ein ihopkokt graut over sidene. For tilårskomne bibliotekarar er ikkje nattlesesynet heilt som det ein gong var, om viljen er vel så sterk som i yngre år... Med denne yrkestittelen blir gjerne dei myrkaste nattetimane likevel eit kjærkome oppsummeringsheat for ny litteratur og nye namn i forfattarkrinsar; eske på eske med nye bøker krev sin bibliotekar. Dette trass i at sjefen for lengst har innført fast lesetid. Vi arbeider jo midt i ein godtepose!


Talent i fleng (rørd bibliotekar = dårleg fotokvalitet)


Førre torsdag heldt toraderelevane ved musikk- og kulturskulen konsert hos oss. Små og større spelemenn med raske fingrar og godt drag i belgen truska gjennom ei rekkje kveke leikar, og pirrande danseføter trakka huskande jamt takta bakover i salen, medan bestemødre og ein lettrørd bibliotekar diskret tørka nasetippen då augo svei litt ekstra. Her blømer verkeleg nye stortalent i eit frå før velgrodd folkemusikkmiljø på høgt nivå. Takk for at de kom og laga liv i lokala våre!



Sjefen og forfattaren
I Lom har 42 lånarar levert 76 skjema, og dermed lese 380 bøker i samband med Vinterles denne sesongen, og dei etter kvart så populære vinterleskrusa har vorte favorittkoppen til mange norddølar dei siste par åra. Onsdag denne veka avslutta vi Vinterles med forfattarbesøk av Levi Henriksen. Trass i andre større møte i bygda på same tid, fekk ein eksklusiv gjeng gleda av å høyre den dyktige formidlaren lese høgt og fortelje om korleis han vart forfattar, kva han helst skriv om, og korleis han jobbar. Han fortalde levande om barndomen i pinesevenheimen, der forteljarkunsten stod sentalt, om eit utal refuserte manus, og kor tilfeldig det kan vere at ein forfattar slår gjennom. Ei særs fornøyeleg og artig stund med alvorlege innslag til ettertanke.


Førstkomande måndag rullar Linn T. Sunne og eg på ny ut på landevegen med panseret mot vest. Vi er nok ein gong hyra inn til å formidle kulturfondbøker både i Sogn- og Fjordane og Møre- og Romsdal, eit oppdrag eg audmjukt ser på med stor glede. Det er slik stas å bli attbeden!


Pisøygd bloggar: Merete



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar