To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 11. mai 2018

Lisbet Lid Venås til minne

I dag har vi tatt den siste avskil med Lisbet Lid Venås.
Lisbet var Merete og mi si fyrste lærarinne, sjølve Lærarinna med stor L.

Lisbet på opninga av Hauge-senteret.
Der ho har tre oppslag på veggene.
Det var Lisbet som lærte oss å lesa i Ali Baba-boka om Eli og Ali, sol, los og is.

Det var ho som lærte oss å teikne bølgebård og skrive skriveskrift. Ho var nøye, skjønar de, så vi lærte skikkeleg lykkjeskrift med pene g-ar som gjekk heilt ned i kjellargolvet og lange slanke l-ar som gjekk heilt oppi taket på skriveloftet. Og flinkast av alle i heile verda, var ho til å skrive sjølv.

Det var Lisbet som lærte oss å rekne. Og det var det likaste vi visste på den tida, iallfall ei av oss. Reknestykke som gjekk opp med to beine strekar under svara. Side opp og side ned, i maur og maurars maur-bøkene. Så enkelt, trygt og godt som det var! Det vart en visst aldri bli lei. Og med dei finaste R-ane på etter at Lisbet hadde retta.

Det var Lisbet som skreiv dikt og las høgt for oss når vi åt kakuskivene med salami og drakk raud saft til. Kanskje var det der, i klasserommet på den vesle skulen, at grunnlaget vart lagt slik at vi båe enda opp som bibliotekarar og seinare har hatt glede av å treffe ho på biblioteket vårt, ta ho med til dikthylla og anbefale ny lyrikk.

Det var også Lisbet som lærte oss "No livnar det i lundar". I dag song vi denne for henne som ein siste avskil ved grava.

Vi avsluttar med "Mogop", diktet som Lisbet skreiv om bukkeblomen til boka Norges fylkesblomster i 1999. Takk frå Merete og Rita for at du var Lærarinna vår.

Med den saftige
kvitsymrevåren syngjande
i våre vestlandshjarte
møtte vi nordakulingen
isande om øyro
der breane låg
og klumheldt vinteren fast.
Leitande etter teikn
austanfor alle minne.
Og brått: Eit syn
vi aldri hadde venta:
Lysande, smilande
melom turre tuster
tett ved bakken;
lodden og kyllingmjuk
knoppferdig frå året før,
kvitlilla kronblad
lyfte fram ei sol av blomstermjøl og honning
Eit under opna seg
ved kanten av snøen -
Fjellvåren
gav oss handa
for alltid
og tok brodden av kvitsymresaknet.

Kjelde: Norges fylkesblomster, 1999.

Takk for alt, Lærarinna vår.

Rita
     







1 kommentar:

  1. Mariann Schjeide11. mai 2018 kl. 15:37

    Så nydeleg. Sånt kan ein kjenne seg igjen i, og det er mange av oss som har vore velsigna med lærar som har sett spor i oss. For ei velsigna gjerning ho kan vere, lærargjerninga. Takk for at de delte.

    SvarSlett