To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 20. april 2018

Døgnfluger og markmus

Vinteren vinkar farvel frå Dovrefjell
Den uhorveleg lange vinteren held på å sleppe taket også i fjellbygda, og det livnar til att med småtrippande asiatiske turistar mellom rotne sjoghaugar på kyrkjevollen. For oss i gammelprestgarden kjendest det mest som vi henta med oss våren heim frå Trondheim førre helg, då trønderbyen gav oss den fysste smaken på denne vidunderlege årstida. Vinteren vinka farvel over Dovrefjell, medan trøndersk kveldssol ønskte oss velkomne inn i ein ekte april. Letta over at formidlinga vår gjekk så glatt, og at alle tidsplanar gjekk etter skjemaet, sette vi vinterbleike andlet mot vårblank sol og pakka jakkene bort i sekken før heimreise. Og var inderleg einiege i at slike formidlingsturar gjer vi gjerne meir av!

Låg kveldssol ønskjer velkomen

I dag braut våren for alvor laus på Bergom. Bøvra fossa vilt nedover dalen, og Prestfossen fløymde
grumsete og høglydt mot glattskura berg. Are hadde rega over brua på tur til jobb i dag, og kunne storøygd fortelje at gelenderet var dekt av millionvis med bittesmå fluger! "Å ja, det er den dagen i dag, ja," kunne eg kvittere med. Ein dag om våren kan vi i Lom oppleve denne døgnflugeinvasjonen, der hordar av små, svarte insekt uhemma held ein hektisk parringsleik, før dei legg egg og døyr. Ved dugurdsleite tok eg med meg mobilen og tusla bort for å ta eit bilete av fenomenet. Litt snurt kunne eg konstatere at parringsleiken var over, og ikkje ei einaste fluge var å sjå... Berre Bøvra heldt fram med den ville leiken så skumspruten slo over rekkverket. Litt lykkeleg for at eg tilhøyrde ei anna rase, vart det med det eine fotografiet av fossen i staden. Det hadde vore stussleg å leve berre eit par-tre år som larve, for så å så vidt vinnast å føre slekta vidare før ein stuper inn i dauden... Det er jo litt godt å kjenne at det pirrar i skrotten meir enn ein gong i livet, og våren er jo til for å nytast!

I biblioteket strøymer det på med nye bøker, men i dag var det likevel ei litt eldre bok bibliotekaren var på jakt etter. Boka var sjølvsagt, og heldigvis, utlånt, så det får bli med eit lite lesetips: Har du enno ikkje lese den vidunderlege biletboka Alberta og kjærleiken av Isabel Abedi, må du berre gjere det! Her blir vi kjende med markmusa Alberta, som freistar å finne ut kva våren, og kjærleiken, er. Det er jammen flaks at ikkje døgnfluger kan lese...

Bloggar: Merete Markmus


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar