Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 29. juni 2018

Bittelitt SurAre for eit bel...

Det er rett mange år sidan vi vart kjende med denne tømraren som glytta innom oss med ujamne mellomrom. Han synte ei genuin interesse for dei delvis lurvete og halvt utlese tekneseriehefta våre, og kom rett som det var med ønskje om kjøp og tips til slike bibliotekaren kanskje også ville lesa. Vi skjønte allereie då at han var spesiell.

BibliotekAre ørlitegrann SurAre enn vanleg
Med tida registrerte vi at mannen dag etter dag var å sjå på og rundt kyrkjegardsmuren i snekkeroppdrag rett attmed sjølvaste Aukrusten, og tenkte at no var tida trast inne for å sjå kva meir han kunne duge til. Vi utfordra han, han tok som kjent dette på strak arm, og sidan gjekk det, som de veit, slag i slag. Det har vi skrive om før. Vi visste derimot ikkje kor mykje anna denne mannen verkeleg var tenleg til. Rett som det er overraskar han oss med sin inngåande kunnskap om alt frå korleis dei visne blomane i vindaugskarmane våre skal vatnast, til korleis mikromarc (biblioteksystemet vårt) fungerer. Seinast i går høyrde eg han tok til å pusle iherdig med noko småtteri framme på skranken i ledige stunder, og kunne ikkje dy meg for anna enn at eg glytta fram frå søknadsskrivinga på bakrommet. Trur de ikkje han hadde tømt alt innhaldet i skrankeskuffene utover bordet, og sat smørblid og sorterte, kasserte og registrerte absolutt alt som fanst av krokete binders, utskrivne pennar, skrukkete loddblokker og seige trykksverteflasker. Han vedgjekk litt forsiktig at han hadde irritert seg over dette rotet sidan fysste møte med desse skuffene... Då eg ymta frampå at han måtte vera den perfekte husvaskaren, kom derimot ein snurt liten geip tittande fram mellom bart og skjegg: "Det er jeg altså IKKE!"

Denne veka breidde Are seg velfortent ut over ei heil dobbeltside i GD, der han misjonerte teikneseriar for folk i heile dalen og fleire til. Reportasjen var gjort under eitt av formidlingsoppdraga, der han inspirerte ungdom på Dombås til lesing av nettopp teikneseriar. Vår eiga samling teikneseriar har fått eit esktremt lyft sidan vi huka tak i AltmoglegAre, og bøker og hefte blir lånt ut til folk som før aldri tidlegare har lese i striper og bobler. Så får assisterande sjef berre finne seg i at avskilshelsinga frå kollegaen ein fredags efta blir formidla i forbifarten på tur ut døra med orda: "Og du; kan du ikke sjekke de sukkulentene litt før du går - de så ikke helt bra ut..." 

Sukkulent som strevar med sommarfiguren...
Bestemor har difor pirka med peiken i pottejorda til sukkulentane, erkjent mishandlinga av plantane, og sett dei i vannbad i håp om å stimulere sommarfiguren deira...

God helg til dykk alle!

Ikkje heilt sommarfit bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar