Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. juni 2018

Den Unge Hamsun og andre naturtalent

Har så lyst til å rope det ut i store bokstavar: DET ER SÅ LØYLEG Å JOBBE I BIBLIOTEK! For mange høyrest det drepande kjedeleg ut, men for ei som diggar folk, elskar bøker og er fan av system, er dette rett og slett den perfekte tilhaldsstaden på dagtid.


Som tidlegare somrar, renn det inn turistar til fjellbygda vår desse sommarmånadane, og vi som held til midt i smørauget kjem opp i den eine artige episoden etter den andre. Her om dagen kom eit amerikansk par smettande inn døra og tusla litt rundt i romma her, før dei vart ståande og studere ei lita utstilling Rita hadde laga i høve bortgangen til Philip Roth. Dei spurde litt om Roth var spesielt kjend i Noreg, og om han var mykje lese her. Eg fortalde at han hadde rett mange bøker omsette til norsk, og at mange har lese han her med stor glede. Då snudde dei to amerkanarane seg mot meg med lure smil om munnen, og kunnen stolte fortelje at dei var grannane til sjølvaste Roth på Manhattan. Han var ein stille og litt sjenert mann som gjorde lite ut av seg i lokalsamfunnet, kunne dei fortelje, men han stilte ofte opp og signerte bøker for ein liten bokhandlar i området, som dei trudde hadde gått heller dårleg om det ikkje hadde vore for Roth sin nærver. Amerikanarane tok bilete av utstillinga, og fann det heilt spesielt at dei skulle "møte" sin tidlegare nabo i eit lite norsk bibliotek.

Unge Hamsun er ikkje så snurt som det ser ut for
- han berre "er" Hamsun
Litt seinare kom eg i prat med eit par andre damer frå same kanten av verda, og det synte seg fort at dei var i nær slekt med min gode hyttenabo! Vi hadde ein lang, festleg prat, før dei laut haste vidare ut i ferien. Då dei passerte skranken, stoppa dei måpande opp. Der sat min nevø, Vebjørn, som denne dagen jobbskygga tante, og heldt vakt medan tante prata seg bort med turistane. Rett over hovudet hans hekk eit teikna portrett av Knut Hamsun som konfirmant, og damene glåmde frå guten og bort på portrettet fleire gongar før dei utbraut: "What a wonderful draing of this sweet boy!" Dermed vart Vebjørn namna om til Den Unge Hamsun. Og likskapen var faktisk slåande!

I dag hadde dessverre Tonje sin siste dag hos oss i denne omgang, men vi syter for at ho kjem inn att i vikarmodus, så vi takkar ikkje riktig farvel. Ein slik ressurs blåheld vi på i det lengste! Takk for uvurderleg innstats, Tonje, - du er den fødde bibliotekar!

Bloggar: Tanta til Unge Hamsun, Merete.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar