Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 15. juni 2018

Sommarles


Sommarens vakraste litterære eventyr, sommarles, er godt i gang. Sommarles er ei kampanje for å få skuleelevar frå 1. til 7. klasse til å lesa bøker i sommarferien. Dei registrerer bøkane digitalt og kan få haugar av poeng og digitale trofear på heimesida. Undervegs i sommaren får dei hente fysiske premiar på biblioteka når nok poeng er sanka. Det er eit genialt konsept, ungane blir skikkeleg motiverte og kjem att på skulebenken som betre lesarar etter ferien. 


Ludvig 14. av Frankrike var ein moteløve

Eg var på misjoneringstur i klassane for nokre veker sidan med info om sommarles, og i dag hadde eg bokprat hos 5. klasse. Eg snakka varmt om romanar, teikneseriar og faktabøker. Boka som gjorde sterkast inntrykk var ei lita faktabok om ekstrem mote. Der var det bilete av leppeplatar og ørepluggar (leppeplatar liknar eigentleg på dagens ekstreme mote med botox i leppa), kinesisk fotbinding, halsringar, feminin herremote frå 1500-, 1600- og 1700-tallet samt høg hårprydnad frå 1600-talet (fontangen).


Høg og tung hårprydnad

Det likaste eg veit er når ungane kjem på biblioteket for å plukke opp premiar. Dei er så stolte og ivrige. Det varmar eit bibliotekhjarte når dei legg ut om alt dei har lese sidan sist, og alt dei skal lese til neste gong. 

SommarlesAre




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar