Denne veka har elevane ved Lom Ungdommsskule hatt Pryo-veke. Eg har vore her på biblioteket denne veka. Måndag kom eg spent inn på biblioteket, og eg vart teke godt imot av Rita. Eg fekk opplæring i det meste dei gjer her, og eg fekk eit heilt anna inblikk i korleis bibliotekarane jobbar og kva dei driv med. Eg fekk opplæring i korleis ein skulle låne ut og levere inn bøker. Også korleis ein skulle registrere bøker og sortere bøkene. Det systemet var mykje meir avansert enn det eg trudde.
Men noko av det mest morosame eg gjorde på biblioteket var å lage ei utstilling. Og temaet vart, sjølvsagt, fantasy. Så onsdag starta eg å lage plakat til utstillinga. Eg fann mange bøker, filmar og lydbøker til utstillinga. I utstillinga er det både bøker for yngre, ungdom og vaksen. Sjølvsagt hadde eg også med ein teikneserie som Are var veldig fornøgd med. (Sandman)
Torsdag lagde eg også ei utstilling på barneavdelinga. I den utstillinga var det med bøker som skulle hjelpe barn med å finne noko å lese til Sommarles. Men før eg lagde utstilling, var det vask. Eg vaska hyllene på fantasy- og barneavdelinga.
Dette har vore ei morosam og fin veke. Perfekt for meg som er så glad i bøker. Miljøet på biblioteket er veldig bra og alle som jobbar her er veldig trivelege. Tusen takk Rita, Merete, Tonje og Are for at dykk har teke meg så godt i mot! Eg har verkeleg kost meg med å vere saman med dykk!
Emma Byre Forberg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar