Bøktre |
Oppland fylkesbibliotek arrangerer i samarbeid med Norsk Bibliotekforening og Norsk litteraturfestival årlege bibliotekdebattar der aktuelle tema blir tatt opp. Den fyrste, RIP litteraturkritikk?, tok opp litteraturkritikken si rolle og posisjon i ei digital og kommersiell samtid der media kuttar på dette området og volumet av bøker som blir utgjeve berre aukar. Kva rolle spelar biblioteka sine tilrådingar? Skal biblioteka drive kritikk eller skal vi halde oss til tilrådingar? Dette var blant spørsmåla som vart diskuterte i debatten.
RIP litteraturkritikk? |
Tema for debatten "Fri! (men fattig)" var kva som skjer med biblioteka når liberalistar styrer kulturpolitikken. Vil vi få svenske tilstandar der bibliotek blir lagt ut på anbod og private aktørar står for bibliotekdrifta som i Nacka utanfor Stockholm? Der har dei tilsette i ti års tid drive biblioteket på anbod frå kommunen. Kulturminister Trine Skei Grande som deltok i debatten, var klar på at ho ikkje var for privatisering innan biblioteksektoren. Utfordringane i bibliotek dreiar seg ikkje om eigarform, men om kreativitet i driftsform, var kulturministeren sin bodskap.
Det var heller ikkje spørsmål om eigarskap som fekk temperaturen i debatten til å stige. Det var Trond Minken sitt utspel om Enger-utvalget si avdekking av ei systematisk underfinansiering av biblioteka og om at storbybiblioteka har betre føresetnader enn bibliotek i små kommunar i kampen om kronene, som fekk kulturministeren til å tenne. Ho hevda at byane er verre stilte enn dei små kommunane og at det berre er snakk om prioriteringar.
Kulturministeren ytra stor tiltru til dei folkevalde både i bygd og by til å forvalte biblioteka på ein god måte. Ansvaret for å få middel til biblioteka overlet ho til biblioteksjefane og dei tilsette til å drive entusiastisk lobbyverksemd overfor politikarane og overtyde dei om kor viktig det er å satse på bibliotek.
Dette er i utgangspunktet ein god tanke, og eg er samd med ministeren i at entusiastiske og nytenkjeande bibliotekarar som boltrar seg i moglegheitsromma, er å føretrekkje framfor dei sytete og problemfokuserte. Men eg er bekymra. Enger-utvalget viser som Minken var inne på, ei systematisk underfinansiering som har pågått over år. I vår kommune må vi spare millionar i år og i åra som kjem. Korleis kan vi og andre små bibliotek med ørsmå personalressursar greie å drive lobbyverksemd, skrive prosjektsøknadar, gjennomføre prosjekt, drive aktiv litteraturformidling og vera kreative og sprudlande og overtyde politikarar med tom kommunekasse om at dei må satse på biblioteket?
Det er framfor alt personalressursar biblioteka treng for å skape aktivitet og for å oppfylle føremålsparagrafen i lova om å drive aktiv formidling. Korleis kan biblioteka greie dette når personalressursane som er så små i utgangspunktet, blir ytterlegare reduserte? Ein stor prosentdel av biblioteka i landet har mindre enn tre årsverk, ein god del har mindre enn to og nokre mindre enn eitt. Eg ser dette som ei enorm utfordring og er bekymra for at bibliotekbransjen og særleg bibliotek i bygde-Noreg, kjem til å miste dyktige og ivrige medarbeidarar på grunn av dette. Det var dette vi to som har vore i gamet ein god del år nå, prata om da vi køyrde heim etter festivalen.
Bibliotekar på festival |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar