Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 9. februar 2018

Omvegar og framtidshåp

Vi har omfamna det nye året, det nye budsjettet, all snøen og dei store utfordringane så godt vi har makta med dei vintertørre armane og dei slunkne bringene våre. I går var det gild reportasje om oss i GD, og no veit alle at vi går omvegar for å tvihalde på personalressursen vår. Omvegar har vi aldri vore redde for, og vi legg oss i selen for å merke opp nye stigar med gode trakk.

Vi går opp nye trakk
Første tur blir lagt til eit litt eldre fàr vi har rusla gjennom nokre gonger før, då underteikna førstkomande tysdag skal formidle kjende og mindre kjende kulturfondbøker frå fjoråret for bibliotekarar i vårt eige fylke saman med trufaste Linn T. Sunne. Deretter har Teikneserie-Are sitt første oppdrag utanbygds den 21.02., då han skal formidle teikneseriar på Dovre.

Are -den kule av oss
Vi krosskastar alt vi har, og håpar og trur på mange gode oppdrag dei komande månadane. Innan formidling byr vi på alt frå teikneseriar til godt skjulte perler for leseglade i alle aldrar, og kanskje byr vi på litt ekstra når vårsevja stig?

Elles kan vi melde om at vi allereie saknar vikingen vår. Sola har vi heller ikkje sett noko til enda. Heldigvis har vi trufaste Tonje som kjem og lyser opp hos oss til faste tider! Eit ja-menneske av ein sjeldan art, som vi set utruleg stor pris på. Slikt gjev oss trua på ein ljos vår lell. God helg!

Salt og Pepar -radarparet som gjev oss framtidshåp.

Bloggar: Merete



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar