Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 16. februar 2018

Bryt bestseljardominansen!

Etter eit oppløftande morgonfuglmøte der vi gjekk gjennom trivelege biblioteksaker frå veka som gjekk, stod det som vanleg att å avgjera kven som skulle vera dagens dagbokskrivar. Bibliotek-Are vrei seg i stolen. Følte seg om ikkje kalla, så forplikta. Men han vart redda av bestemorbibliotekaren som greip bastant inn. Nå skal DU vera borte to fredagar på rad, sa ho, og sette augo i sjefen så sjefen krympa seg og vart til ein knøttliten sjef i sjefsstolen. Saka var opp og avgjort. Så var det for sjefen å tvinne sverkjilen (kvervel for uinnvidde). Kva i all verda skulle ein dele med lesarane i dag? Det er langt ut i februar, men vi har jo ikkje skrive om utlån på topp-listene våre for 2017 enda. Bibliotek-Are var lynraskt frampå og synest at det var ein kjempeidé! Møtet vart heva og dei to samansvorne klappa for den gode avgjerda si.

Og dei har som vanleg rett. Utlån på topp 2017 er verkeleg noko å skrive om, for vi er veldig tilfredse med at vi har klart å prate nokre overraskingar ut av hyllene og bryte bestseljardominansen. På topp på lista over utlån til vaksne, tronar bygda si eiga Ragnhild Kolden med romanen Det gode vi ikkje gjer. Dette skal nok ikkje vi bibliotekarane ta all æra for. Lomverane er sjølvsagt interesserte i å lesa bøker av sine eigne. I tillegg er Det gode vi ikkje gjer eit godt stykke skrivearbeid som Ragnhild har fått mykje velfortent ros for. Det synest vi er stor stas og likar veldig godt at Ragnhild toppar lista vår for 2017 med denne boka.


Den første store overraskinga følgjer på sjuande plass på lista. Der står ein av favorittane til bestemorbibliotekaren. Et helt liv av Robert Seethaler var den aller beste boka ho las i fjor. Dette har ho glødande fortalt til alle lånarar. Ventelista har vore lang, og lånarane har utan unnatak vore begeistra når dei har levert boka. Dette var ei av bøkene biblioteket mottok gjennom innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur. Her er det mange bøker som bør lesast og pratast ut til folket!


På tiande plass fylgjer den neste bibliotekariske bragden. Kjell Askildsen er ein av Are sine klare favorittar. Han yesa og jubla svært over at Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten kom med blant våre mest utlånte.

Vi har også sett stjerne ved Frode Gryttens Menn som ingen treng. Grytten er godt kjend blant eit lesande publikum, men for mange sit det lenger inne å velge noveller enn romanar, og denne novellesamlinga har vi alle vore ivrige til å anbefale til lånarane.  Dei to siste stjernene er sett ved Margretesirkelen som er ein historisk roman av Ingeborg Askeland og Tante Amerika av Per Qvale.
Begge desse har Merete prata varmt om for lånarane gjennom året.



Alt i alt er vi veldig tilfredse med at fem av 25 bøker på utlånstoppen kan forklarast med aktiv formidling, og sjefen som stort sett held til inne på sjefskontoret, er veldig tilfreds med dei kolossale bokpratarane ho har plassert der framme i spotlighten. Til alt overmål fekk ho heimbunden sokk av bestemorbibliotekaren i dag. Den første fekk ho til jul, den andre til gjebursen, slik seg hør og bør. You guys, som ho seier i smug.

Rita



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar