To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. februar 2018

Gode årgangar og ein raudnande ungdomsbibliotekar

Brått var dette over...
Medan somme trast er ferdige med årets vinterferie, skal andre snart i gang. Atter andre har ikkje ferie på denne tida av året. Underteikna var så heldig at ho hadde overtid som måtte takast ut, og nytta høvet til ein miniferie med ei natt i fjellet. Barnål og granskjegg vart nappa bort frå gode årgangar med skismurning, fjellsekken vart fylt opp med vannkanne, appelsin og bok, og ferien var eit faktum. Brått var han over. Neste veke er det sjefen sin tur, men ho justerer vel berre strikken i flyssa før sin litt lengre feire. Slik er vi ulike. Veldig!

I talgljoset ved peisen nytta eg høvet til å lese meg opp att på litt ungdomslitteratur, etter eit par år der hovudvekta på nattbordet mitt har vore vaksenbøker. Bare du av Anna Ahlund er ei nydeleg kjærleikshistorie, krydra med så mange sexscener at bestemor truleg småraudna i den halvskrale ljosken av stearinljoset. Ei lettlesen og drivande godt skrivi bok som vil treffe mange unge jenter, trass i at det her er prat om kjærleik mellom to unge gutar. Tema som litteratur og kunst høgda boka enno eit par hakk for meg.

Da månen sluknet av Sissel Chipman er ei fin bok for og om hestejenter. Sjølv har eg alltid hatt ekstremt stor respekt for desse store dyra, og ikkje stort anna erfaring frå hesteryggen enn ned den fire meter lange bakken mot grindsleet heime. Eg minnest kor eg blåheldt meg fast i taumane, klemde dei lange føtene mine hardt mot hestevomma og skreik i panikk då den fredelege øyken bøygde hovudet mot grastusta ved grinstolpen for å gomle i seg ein munnfull. Aldri meir! I boka til Chipman lærde eg meir om ridning enn eg har lært så langt tidlagre i livet. Eg skulle ha lese ho før.

I dag har sjefen åremålsdag, men sidan ho er i bortreist på dagen, tenkte eg at det ikkje kom til å bli noko feiring denne gongen. Der fekk eg tru om att! Vår mest trufaste lånar, som i regelen besøkjer oss kvar dag vi held ope gjennom heile året, hadde denne morgonen vore innom bakeriet på tur til biblioteket, og trur du ikkje ho spanderte eit umåteleg gildt wienerbrød med vidunderleg søt eplefyll på vakthavande som har regjert einsleg her i dag! Mange tusen takk! Då må det bli ein skitur til...

Ein  ny skitur tvingar seg fram...
Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar