Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

lørdag 3. mars 2018

Hymne til sjefen

Kor flau kan ei godt vaksen førkje bli?
- Bloggen i går gjekk ho hus forbi!
To var på jobb denne iskalde dagen
og folk i kø var `kje store plagen.
Likevel kom `kje eit ord her på sida
men bøker og lånarar vart tildelt tida.

Slik kan det gå når sjefen fer bort
og lit på dei andre - at alt skal bli gjort:
Når alderen tyngjer og hyllene tyt
prioriterer dei rydding før alt rundt dei flyt.
Are og Matrona bøyer stilt nakken
i anger og skam dei stirrar i bakken...

Vi lovar, vi lovar: Det skjer `kje på nytt!
Vi har jo også før for biblioteket sytt!
Ta deg berre fri, sjef, når du kjenner det trengst:
Ein utkvild leiar varar definitivt lengst.
No skal vi dra alle prosjekta i hop
medan gløymska blir godt grave ned i ei grop.












Vel heim, Rita!

Skamfull bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar