Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 2. februar 2018

Januar overlevd

Så er ein attende i sjefsstolen etter to og eit halvt år som meinig. Og vi skal ikkje stikke under ein sjefsstol at det vart ein flying start. Eller snarare ein styrting start med påbod om store nedskjeringar som vi berre må ta på strak arm. Eldrebølgen er over oss. Det skal løne seg å vera stor kommune, ha mange innbyggjarar og ligge sentralt. Nå kan det argumenterast for at nesten ingen ligg meir sentralt enn Lom i landet, men sentralt er relativt. Dette er i alle tilfelle faktorar som resulterer i at kommunen må spare inn eit visst tal millionar i år og neste år og året etter der og. Og alle må yte sin skjerv. For biblioteket betyr det i overkant av 140.000 i år, noko som utgjer ein stor prosentdel av budsjettet. Det delikate valet vårt stod mellom å redusere personalressursen med 1/3 stilling eller halvere bok- og mediebudsjett og skrape arrangementsbudsjettet til botnen.

Live og Tonje

For vår del sit det uendeleg langt inne å gje slepp på personalressursen. Korleis skal vi kunne vera eit aktivt skapande og formidlande bibliotek om vi må redusere den kreative krafta som bibliotekarane representerer? Vi vil at det å koma til biblioteket vårt skal utgjera ein skilnad, ikkje vera just another boksamling in the wall. For å få til dette, er det fyrst og fremst viktig at dørene våre er opne og at bibliotekarane er på plass til å prate bøkene ut av hylla og ut på bygda. Ved å tvihalde på personalressursen, held vi fast på opningstida vi har i dag med personale til stades.

For det andre kan vi fortsetja den prioriterte oppgåva med formidling for skuleelevane i kommunen. Skulane er veldig viktige i leseopplæringa, noko som alle PISA-undersøkingar og leseundersøkingar legg vekt på. Biblioteka blir ofte gløymde i denne samanhengen, både på nasjonalt og kommunalt hald. Dette resulterer i at kommunar kan prestere å utarbeide leseplanar utan at biblioteka blir involverte. Hadde denne viktige oppgåva for biblioteka blitt fronta tydelegare frå nasjonalt hald, har vi tru på at bibliotek ville blitt rekna med og blitt sett som svært viktige for at nordmenn skal bli eit lesande folk og Norge eit lesande land. Etter at elevane har knekt lesekoden, vil dyktige barne- og ungdomsbibliotekarar kunne spela ei avgjerande rolle for å få dei unge til å fortsetja å lesa.

I går og i dag var temaet vikingtida. Live, Merete og Are i aksjon.
8. klasse var ivrige tilhøyrarar.
At det er ein nyttig ting, kan faktisk nokon koma frå. Små bibliotekarar i små kommunar kan argumentere overfor rådmenn og kommunepolitikarar til vi blir blå for at dette er viktig. Men kva kan vi stille opp med mot monsterstore eldre- og sentraliseringsbølger? Klare og tydelege signal frå nasjonale aktørar om at dette er ei viktig og prioritert oppgåve som biblioteka er best eigna til å utføre, ville kunne ansvarleggjera kommunane på ein annan måte. Og for å vega opp for dei tronge vilkåra mange kommunar lir under, tek Sverige nå tak og tek eit skikkeleg markløft for bibliotek. Dei går inn for ei treårig satsing og løyver 225 millionar årleg for å styrke bibliotek i heile landet. Iblant kan ein ta seg sjølv i å drøyme om svenske tilstandar.

I går hadde vi svært hyggeleg besøk av journalist Kari Utgard frå GD.
Elles har januar som vanleg vore uvanleg lang. To stk bibliotekarar har gått i dørken med influensa med få timars mellomrom, ja, vi har blitt nokså synkroniserte etterkvart. Vi stundar på sol og håpar å sjå ho i glaskarmen neste veke, ndoo doo. Og elles har vi hatt verdas beste praktikant hjå oss desse vekene. Ho som har trakka barneskoa sine her og har skrive så vakkert om bibliotek og formidling på bloggen. Vi ynskjer deg all mogleg lykke til vidare, Live, og er overtydde om at du blir ein strålande bibliotekar. I dag tek vi ein skikkeleg kanelsnurr på Bakeriet for deg!

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar