To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 7. desember 2017

Topp 5-lister

Eg jobba ein gong i tida som platepushar. I musikkbransjen, mellom all erotikken, rusinga og rockinga, og særleg i desember, var og er det ikkje noko som er så naudsynt som å laga lister. Eg skal ikkje skrive om musikkbransje og lister her i bloggen, det er berre å lesa Nick Hornbys herlege debutroman "High fidelety" for innblikk i saka.

I bokbransjen, mellom stive permar, raudvin og godstolsitting, synsast det au med kåringar og lister av alle slag. Teikneseriar har merkelappen "berre for ungar", og blir ikkje ofte omtala i bokbransjen. Det finst mengder av gode teikneseriar for både vaksne og ungar, og eg vil meine at teikneseriar for ungar kan lede til meir lesing, og at dei beste Donald Duck historiene (Carl Barks og Don Rosa) er kvalitetslitteratur. Difor vil eg i denne bloggen koma med to personlege topp 5-lister. Ei for årets beste teikneseriar på biblioteket, og ei for tidenes beste teikneseriar.


TeikneseriAres topp 5-liste for teikneseriar i Lom folkebibliotek 2017:
1: Moderator av Flu Hartberg.
Ei postapokalyptisk forteljing om heltemot, politikk, religion, teknologi og Bjarne Melgaard.
2: Gelé av Ida Eva Neverdahl.
Om tøysejenta Lulu, og hennar eventyr med einhjørningar, ostepop, fascisme og magi.
3: Arsène Schrauwen av Olivier Schrauwen.
Ein surrealistisk hallusinasjon over korleis koloniekspedisjoner kunne opplevast for naive europearar.
4: Nulteliv av Espen Friberg og Fredrik Larsen.
Ein gong i tida var det eit land der born handla rullings og Winner Tip til
foreldra. Der porno var noko ein fann i skogen og ikkje på internett. Dette er historier frå dette landet.
5: Trusselen fra dypet av Landmark, Tellefsen, Iversen og Volle.
Dette er fyrste bindet i 7-serien, ein heilt unik og spennande superhelt-teikneserie for born og ungdom.

TeikneseriAres topp 5-liste for tidenes beste teikneseriar:
1: Sandman av Neil Gaiman m.fleire.
Ein lang serie om draumar, gudar, demonar, legendar og gode historier.
2: Skrue McDucks liv og levnet av Don Rosa.
Alle hendingane som er nemnt i Skrues skapar (Carl Barks) sine teikneseriar, kronologisert og teikna i vidunderlege detaljrike og spennande historier.
3: Jazzbasillen av Christopher Nielsen.
Klassikar frå 1989 om Oslo, jazz og femtitallet.
4: Batman - the dark knight returns av Frank Miller.
Det var her Batman fekk ballane tilbake etter årevis med latterlege tv-seriar og fjasete teikneseriar.
5: Maus av Art Spiegelman.
Ofte omtala som den viktigaste teikneserien nokonsinne. Har vunne tunge prisar.

Seriebloggaren BibliotekAre






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar