Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 30. november 2017

Jippi!

Medan mange dei siste dagane har kjempa og fiksa adventskalendrar av det meir eller mindre kostbare slaget, fekk vi i går melding om ei retteleg gjev førjulsgåve! I haust søkte vi Nasjonalbiblioteket om støtte, etter at dei lyste ut middel til arenautvikling. Søknaden vart innvilga, og vi vil i det komande året såleis ha heile 50 000,- ekstra å rutte med til til utvikling av bibliotekrommet!
Årets førjulsgåve frå Nasjonalbiblioteket

Vi har ei årrekkje brukt det same rommet til dei fleste arrangementa vi har gjennomført, og lenge hatt ønskje om å kunne tilrettelegge rommet og plassen betre for bokpratar, forfattarbesøk, konsertar og ymse andre tiltak. For det første er det litt synd å plassere dyktige forfattar og andre kulturformidlarar på golvplan framfor publikum. Det hjelper lite å by på djupe godstolar når det berre er dei frammøtte på fremste rad som ser kven som pratar. Einskilde av dei tilsette har også store avgrensingar med tanke på å rage så høgt over golvet at publikum ser vedkomande når personalet lyt halde innleiing eller på anna vis prate til "salen". Her har mellombelse tiltak vore hardt utprøvde, slik som rak rygg, tøyingsøvingar, høge hælar og kliving på veslkrakk, utan at dette har ført til nemneverdige forbetringar. Difor har ønskje om ei samaleggbar, mobil scene lenge stått på ønskjelista. No får vi endeleg råd til dette!

Alle skal få sjå! Alle skal få høyre!
Kulturstorleikar som reiser rundt og formidlar, utset stemmebanda sine for større påkjenningar enn dei fleste. Bibliotekarar som har lett for å produsere ord med lyd, får av og til også slike skadar på desse organa at røysta i rein protest legg ned drifta frå tid til annan. Då er det  vanskeleg å stå framfor publikum og presentere folk, bøker eller dikt. Store, flotte bibliotek har slike fine, små lydknottar ein får plassert framfor munnen, som aukar volumet på stemma slik at ho fyller heile rommet, når fram til alle som vil høyre. Slik utstyr har vi aldri eigd, men no ser vi oss nok råd til å handle nette myggar med godt læte utpå nyåret. Alle skal få høyre!

Ein sjeldan gløtt...
Vi er glade i sola her mellom fjella, og gjennom vinteren lyt mange av oss karre oss til fjells for i det heile å få gløtten av solauga. Om sommaren kan derimot sola bli ei plage når ho steiker varmt gjennom dei store, gamle vindaugo våre. Det byr på utfordringar under arrangement. Varmen, ljoset og den tette lufta øydelegg for den gode opplevinga av dei ulike arrangementa. Men no kan vi koste på oss ljostette rullegardinar som stengjer ute både ljos og delar av varmen. Phu!

Reolparken vår har også skranta i takt med bibliotekarane og åra, og får vi pengar til overs, vil vi kanskje fornye delar av denne. Personalet er det heller vanskeleg å gjere større fornyingar på, så der får vi berre sjå kva ver og vind kan hjelpe til med av endringar framover. Det er meire uvisst om desse vil gå under kategorien "forbetringar"... Takknemlege er vi i alle fall for innvilginga av søknaden vår!

Veslkrakkbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar