To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 15. desember 2017

Notat frå De store debutantdagene 2017

Førre veke var underteikna så heldig å få delta på De store debutantdagene 2017 på Litteraturhuset i Oslo. Gledeleg var det at lokala var fulle begge kveldane, slik at mange fekk med seg dette fine arrangementet som gjev smakebitar på den nye litteraturen og dei nye forfattarane. Desse dagane anbefaler eg varmt til andre bibliotekarar!

Showet opna med ei av dalen sine skrivande døtre, Therese Tungen frå Kvam, som i år debuterte som skjønnlitterær forfattar med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Ho las frå opningsnovella "Flaumen" som er min favoritt blant novellene. Språket er prega av at ho kjem frå dalen med fleire dialektinnslag. Det likar eg. Og i denne novella greier ho på framifrå vis å mane fram den klaustrofobiske stemninga som speglar den dramatiske situasjonen under flaumen.

Elles denne kvelden sette eg to stjerner ved Ida Lórien Ringdal som med diktsamlinga Dette skjer ikke, har klart noko så uvanleg som at boka i løpet av fyrste leveår, har kome ut i tre opplag. Ei anna diktsamling eg sette stjerne ved, var Sumaya Jirde Alis Kvinner som hater menn. Her er siste verseline i diktet ho las skribla ned: "Resistance is beautiful".

Ei anna som har fått to stjerner, er Maia Kjeldset Siverts med Det ble en rotte! Dette er ei samling absurde småtekster som underteikna fryda seg over under opplesinga. Her er det notert i margen: "Full av faen. Villskap. Hver gang jeg snakker, sier jeg forny". Den siste setninga skjønar eg ikkje heilt i dag, men det var sikkert noko som slo an. Iallfall fekk eg lyst på meir av absurdismen til Siverts. I omtala i programmet står det at dette sannsynlegvis er den utgjevinga i år som har fått flest ropeteikn ved seg, og boka blir sett som eit opprør mot god litterær smak.

Den siste som har fått to stjerner er James Franco spytter når han snakker av Erik Eikehaug. Dette er ein danningsroman om outsidaren Kenneth som ikkje kjem inn på forfattarstudiet i Bø og reiser til New York i staden. Der hamnar han i eit røft skrivegruppemiljø. Notat: "Fornøyeleg! Kenneth blir funne av hunden til Auster/Hustvedt".

På dag to av De store debutantdagene 2017 står ei stjerne og lyser ved Pia Edvardsen og romanen Vi var aldri brødre. Her gjorde opplesinga om trostungen som dei to systrene skulle drepa i lag, djupt inntrykk. Pia formidla scenen meisterleg gjennom opplesinga si. Dette var truleg den opplesinga som hausta mest applaus i løpet av dei to kveldane.

Andre notat frå dag to er: Stjerne + "Hjerteskjerande" ved Du bestemmer deg for at dette er et minne av Marianne Teie, "Selvforelskede intellektuelle" ved Thomas Kvams Homo sacco, "Fengslande diktsamling. Monsterhit!" ved Barsel av Kristin Storrusten, "Poesiens Twin Peaks" ved Fyrste gong me møtest som snø - ei nedteljing av Sondre H. Bjørgum og til sistemann ut "Du må bli min life coach!", Endre Ruset til Christian René Wold som har skrive gangsterromanen Klovnejakten frå Oslos underverd.

Heilskapstinntrykket som står att, er at debutantane i år held eit høgt nivå og verka svært lite prega av stunda sitt alvor da dei presenterte bøkene for kollegaer og etablerte forfattarar. Ingen av dei verka nervøse, og bibliotekaren undra seg over kva debutantar er laga av nå for tida. Berre ein raudna lett.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar