Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. desember 2017

Den finaste kalendergåva

Vinterleg heimbygdshelsing

Siste boka er lånt ut før høgtida omfamnar oss på godt og vondt. Desse siste dagane før jul har fleire minneverdige stunder funne stad inne mellom bokhyllene våre. Eit par av dei kan vi dele med dykk før vi tek jula:

Ein liten gut kom hoppande inn døra her ein efta med store augo medan han jubla "I dag skull oss på biblioteket!" Den søte, vesle karen utfalda seg i barneavdelinga, fann oppglødd fram til den eine kjende figuren etter den andre, og smilte stortilfreds då han fekk putte både Gruffalo, Tambar og Brannmann Sam i posen og slå følgje med dei heim. Mora kunne då fortelja at han mest ikkje hadde sove natta før, fordi han gledde seg så ekstremt til å besøkje biblioteket dagen etter.

Onsdag efta kom ei mor med tre jamne små ruslande inn her. Borna tok av utekleda, og dei las, pusla, teikna og sjarmerte bibliotekaren i senk i lang tid, før mamma etter kvart meinte at tida var inne for reise heim. Då eg takka for besøket og ønskte velkomen tilbake, fekk eg vite at dei hadde fått bibliotekbesøk i kalendergåve den dagen! Det tykkjer eg er den finaste gåva eit lite barn kan få.

Biblitoekbesøk i kalendergåve

Vi ønskjer alle lånarar og andre kjende ei retteleg god jul, og minner om at vi held stengt vesle juleftan, men opnar att onsdag, torsdag og fredag i romjula mellom kl 10-14. Ta vare på kvarandre og vomma!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar