Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 10. november 2017

Ta ein Aukrust

Sjelevarm diktar
"Kæin du kje tå ein Aukrust?" I lystige lag fell det seg ofte slik at underteikna får ein trong til deklamering av ymse slag. Sjeldan er det slik som let seg plukke fram frå hugsen, men oftast finst det skriftleg materiale lett tilgjengeleg. Om det er i ljosken av ein sein skorsteinseld, eller ved kaffirasten på ei heimfjellshø, kjem inspirasjonen gjerne strøymande så intens at ein kan tillate seg å trylle fram rimsmeden i seg sjølv, medan det i meir urbane lag helst kjem trillande direkte sitat frå skrivne kjelder. Når masterbibliotekaren var lystig i lag saman med meg, unngjekk eg tidlegare å kome opp i diskusjon om dei lokale lyrikarane, der vår kjærleik til lyrikken dreg litt til kvar sin kant. Men dette har endra seg med tida. I alderdomen kan vi visst dele det meste, vi to, frå lyriske perler til mannlege bibiotekarar.

Rett utanfor vindauga vårt i gamleprestgarden står ein av dei aller største diktarane våre i stram positur med nasen vend austover dalen ("aust" heiter "sø`te" på lomver). I dag hadde han kledd seg etter véret, med sjelevarmar om akslene og alpehuve over luggen. Eg laut bekse meg fram i den kramme snøen og helse på han denne  snøtunge morgonen, og kom slik i tankar om kor rik bygda vår er på lyrikk og litterære perler. Olav er berre ein av fleire Aukrustforfattarar som er "utstongje" frå Lom.

Nevøen Kjell er den meste kjende av dei, medan sonen Olav O. også gav ut nokre fantastiske bøker
som Kjell illustrerte. Den eine boka deira, "Risen i Jutulfjell", vart i 1949 kåra til Årets vakraste bok, og var kanskje den som gjorde at karrieren til Kjell skaut fart. I desse førjulsdagar er ei anna bok av Olav O. kanskje minst like aktuell; "Nisser og småtroll". Her møter vi mellom andre Nigards-Truls og Oppigardsnissen Nils, samt dei lodne småtrolla Bertil, Olvar og Signe, som bur i Storfurua. Ei fornøyeleg historie som absolutt bør takast fram att for dei yngre generasjonane.

I tillegg til desse markante mennene, har vi også Kari Aukrust, som skreiv dikt inspirert av fjella og naturen rundt oss, samt teologen og forfattaren Tor, som også var nevø av Diktar-Olav.

Frå tid til annan kjenner eg aukrustblodet risle i årene mine, og tillet meg såleis i frivolne stunder å sole meg litt i glansen av alle desse ordsterke anane. Støyter du på bibliotekaren i tyleg lag, ser eg ikkje bort i frå at det blir servert ein "Aukrust" også i tida framover. Det er han verd!

Lystig bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar