Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 17. november 2017

Den herlege stilla i biblioteka

Den herlege stilla i biblioteka.
Kungliga biblioteket i Stockholm.
I mitt liv som studerande bibliotekar, har eg i ein periode testa ut biblioteka frå andre sida av skranken. Som bibliotekar er dette veldig spennande. Å sjå korleis ein blir møtt av personalet, tenkje over korleis ein sjølv ville opptredd i ein tilsvarande situasjon og reflektere over kva oppleving det gjev å vera på dette biblioteket.

Det eg har sett mest pris på, er imøtekomande, serviceinnstillte og kompetente bibliotekarar, bibliotekarar som får meg til å føle meg vel, ikkje som ein dust med dustetet spørsmål som bibliotekaren eigentleg ikkje har tid eller lyst til å hjelpe. Eg har også opplevd det. For biblioteka si framtid som ein fysisk stad å vera, meiner eg at det er veldig viktig at bibliotekbesøket blir ei positiv oppleving for dei fleste brukarar. Alle bibliotek burde ta dette opp til vurdering frå tid til anna. Korleis er det å koma til biblioteket vårt? Er det noko som kan forbetrast?

Noko anna eg har sett stor pris på i biblioteka eg har besøkt, er stilla. Når eg har brukt biblioteket som student, har dette vore viktig for meg. Eg må ha det stilt rundt meg for å konsentrere meg. Eg meiner at alle bibliotek bør ha stillesoner både for studentar, skuleelevar og for folk som berre søkjer stilla. Stilla i biblioteket er ein kvalitet, ikkje noko negativt som det ofte blir framstilt som. Vi treng stillesoner i samfunnet. NSB har skjønt det og tilbyr NSB Stille. Biblioteka bør også løfte fram dette som ein kvalitet. Vi treng ikkje negative oppslag med strenge plakatar. Vi kan gjera det til noko positivt. På biblioteket er det lov å vera stille! På biblioteket kan du få ha det stille rundt deg. Tenk så godt det er i eit elles støyande samfunn.

Elles får Frode Grytten æra av å avslutte dagens tekst med dette fine biblioteksitatet frå A-magasinet nr. 42: "Biblioteket er et sted fritatt for kjøp og salg, der alle er rike."

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar