Nokre minutt seinare: Webastoen turande i skodaen, varm te i kruset, nyvaska bestemorkrøll, eit hakk ut i beltet, ei gild skjærfjøl over slurvet, og haugen på med solsikkefrø på brettet. Dagens gjeremål memorert, delvis notert. Larmen over nakken glei sakte over i mild bris. "Godt", tenkte eg.
For godt har eg det verkeleg. Vaksen opp i Noreg, på denne trygge, vesle staden mellom høge fjell, blant snille folk som lever i fred med kvarandre. Eit arbeidsamt folk som vernar om tradisjonar, set familien høgt, dyrkar friluftslivet, held hund og katt, besøkjer grannen når ein får lyst til det. Vi har unngått krig i fleire mannsaldrar, har eitt av verdas beste trygdesystem, har gode støtteordningar til utdanning, kan fritt velje om vi vil handle nytt eller brukt, dyrt eller billig. Visst har landet vårt sine utfordringar! Fleire slit med trong økonomi, einskilde får ikkje den medisinen dei treng fordi han blir for dyr, avgifter gneg bankkortet i filler, mange gamle er einsame, og ei mengd unge slit med store psykiske vanskar. Sett under eitt, er vi likevel eitt av verdas lykkelegaste og rikaste folk. Vi trekte gullkupongen då vi vart fødde, med andre ord.

landsmennene som søkjer del i lykka vår. Framandfrykt og mangel på kunnskap drep integreringa og stengjer for dei gode møta i kvardagen. Vi ser grupper av menneske med ei anna hudfarge, som snakkar høglydt på framande språk, som klumpar seg saman i grupper, luktar annleis, som krev plass på butikken, kler seg rart og sprengjer i køen. Vi ser ikkje minna deira, opplevingane deira, kjenner ikkje frykta som har herja i skrottane, tapa, sorga og den gnagande usikkerheita for framtida. Vi ser ikkje på økonomiske overføringar til kommunen vår som ein ressurs, så lenge dei ikkje kjem oss innfødde direkte til gode. Vi ser ikkje på nye menneske som ein ressurs, som kan lære oss eitkvart om livet, vere til hjelp når vi treng det, tilføre samfunnet vårt kunnskap, verdiar og ikkje minst glede. Vi har gløymt at våre eigne også flykta frå tronge tilhøve for nokre mannsaldrar sidan, at dei flokka seg saman i gettoar, tviheld på språket sitt og dyrka dei norske tradisjonane. Og dersom ein av desse "framande" skil seg ut som ein lite likandes person med dårlege haldningar, får heile gruppa tvert nett det same stemplet. Mest som at kvar og ein av oss innfødde er så vidunderleg gode menneske, tvert gjennom?
På bakgrunn av dette kjem vi ganske så snart til å starte opp att med ei form Språkkafè på biblioteket. Vi må først berre få med oss nok innfødde på laget til å prate med desse nye landsmennene. Vi vil leggje opp til konkrete aktivitetar kvar kveld, for å halde praten jamt i gong, og kanskje blir einskilde grupper spesielt inviterte av og til. Vi ønskjer spesielt at yngre folk kan vere viljuge til å delta saman med oss på desse artige kveldane (folk mellom 20 og 40 er mangelvare!), men absolutt alle, uansett alder, kjønn og bakgrunn, er velkomne! Følg med, møt opp og gjer bygda vår til ein trivelegare stad å bu!
Les gjerne innlegget vårt frå juni 2013, der vi arrangerte Damenes aften: https://lomfolkebibliotek.blogspot.no/2013/06/damenes-aften.html
Bloggar: Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar