To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 4. august 2017

HytteLEKtyre del 2

I del to av hyttelektyre er det på tide å rote rundt i hyllene etter kva dei tre generasjonane før meg har sett igjen på hytta. Etter oldemor er det kristelege og oppbyggelege bøker. Eg finn eit leksikon frå 1912, Snorre frå 1900, Nordmændene i Amerika (utgjeve av History Book Company's Forlag, Minneapolis 1907) samt ei verkeleg spennande dagbok med skildringar av viktige draumar og klaging på svigerdatter (mi farmor). Romanen Kristine: Ei forteljing frå Valdres (1886) av Hans Andersen Foss, som vart filmatisert som Kristine Valdresdatter i 1930, er vel ei sjølvfølgje på ei hytte i Valdres.

Etter farfar finn eg m.a. eit par bøker om krigen av Trygve Lie, DNT-årbøkar, Dickens samla verk, Jack London, Helge Ingstad og nokre andre romanar frå første halvdel av førre århundre.

Samlinga i bokhyllene ekspanderte kraftig då far og syskena hans vart vaksne. Frå 60-talet og utover finn eg mengder av pocketbøker. Det går mykje i krim og spenningsromanar (t.d. Ian Flemmings bøker om James Bond), fleire volum  av Tidsskrift  for Valdres historielag (seinare Årbok for Valdres) og bøker om geologi, fauna og flora.

På øvste hylla i eit mørkt vindfang, blandt alle pocketbøkene, står det nokre bevis på at den seksuelle frigjeringa i Skandinavia òg fann vegen til ei fjellhytte i Valdres. Der har eg funne klassikarar som Jens Bjørneboes "Uten en tråd" og Agnar Mykles "Sangen om den røde rubin", samt svenske og danske utgjevingar som "Den lystige Abbed" og "Flossie og Sømanden". I dette årtusenet vil eg bedømma desse bøkene som ganske så uskyldige og søte.

I fjor hadde vi dugnad og flytta eit 50 år gammalt vedskjul med utedass. Bygningen var i dårleg forfatning så vi måtte skifta ut botnsviller og stiva av heile bygget før vi rulla det avgarde mot ny grunnmur. Under rydding av skjulet fann eg ein godt gøymd løyndom. Øvst, inst under takskjegget, oppe på ein liten lagringskvist, under haugar av gammalt sandpapir og aviser låg det ein liten fickis (svensk for pocketbok) frå 1971 med namn "En Eva på 19 år" skrive av pseudonymet Eva Eden. Eg lo høgt og konfronterte straks far og onkel med funnet. Desse peikte på kvarandre før dei vart samde om at boka måtte tilhøyre den yngre systera deira som ikkje var tilstades og kunne forsvara seg. Eg har lese dei fire første kapitla kor Eva møter sin erfarne favorittelskar, ein forsagt og forelska unggut som er/var jomfru, faren til jomfrua, og dessutan eit postbud. Denne boka er ikkje for dei blyge, eg forstår godt kvifor ho var så godt gøymd og kvifor ho bør gøymast på nytt igjen no som skjulet ikkje skal flyttast på nye 50 år.

BibliotekAre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar