Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 11. august 2017

Diktardagar 2017

Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå går av stabelen 31. august til 3. september. Overordna tema for årets dagar er "Markens grøde" i høve 100-årsjubiléet for Knut Hamsun sin store roman om jorddyrkaren Isak Sellanraa, romanen han vart løna med Nobelprisen i litteratur for i 1920. Forfattar og satirikar Are Kalvø blir med under årets Diktardagar med kåseri og under Diktarmiddagen på Fossheim.

Fjorårets Nobelprisvinnar i litteratur, Bob Dylan, blir også med oss på Diktardagar. Rett nok stiller han ikkje i eigen høge person, men den framifrå rockepoeten Tom Roger Aadland som har gjendikta Dylan til nynorsk, er ein av dei sentrale aktørane under Diktardagar og deltek både med foredrag, pubpoesi og konsert.

Det er jubileum for to av våre eigne diktardamer i år også. Lisbet Lid Venås fyller 80 år, og Vera Henriksen ville fylt 90 år om ho hadde levd. Dette vil bli markert under Diktardagar. Lisbet deltek sjølv på festkvelden og sundag blir det tur fjells til romanfiguren Bent Jonsson sitt rike.

Dei faste innslaga er på plass. Det blir litteraturseminar, bokbad, Diktardagarmiddag på Fossheim, pubpoesi, festkveld med utdeling av Diktardagarprisen, konsertar og Tor Jonsson-foredrag. I tillegg blir det "Markens grøde" til ungdommen med eige seminar for elevane på den vidaregåande skulen i Lom, og forfattar Aina Basso er i desse dagar i ferd med å skreddarsy eit eige opplegg for elevane på ungdomsskulane i Lom, Skjåk og Vågå.

Midt oppi dette markerer biblioteket Nasjonal bibliotekdag fredag 1. september. Vi inviterer til Litterær lunsj med kaffi, kringle og bokprat med forfattar og journalist Jens M. Johansson og bibliotekarane sjølve.

Biblioteket har bøkene til alle Diktardagarforfattarane! Vi har laga utstilling, og håpar at rett mange les seg opp både på Markens grøde og på forfattarskapen til  dei andre forfattarane. Bibliotekarane trippar rundt i forventning. Åss gler åss!

Rita, 10 000 fot over Atlanter'n.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar