To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 14. juli 2017

Jeg vil lese ekte bøker!

Jeg vil lese ekte bøker!
I serien der vi presenterer bibliotekgjestane våre, har vi i dag kome til Vilde. Vilde er ni år og bur på Lørenskog, men i sommarferien har ho vore ei heil veke aleine hjå bestefar og Marit og syskenbarna i Moagrenda, sjølvaste barndommens Bakkebygrend for mora til Vilde og underteikna. Sjølv om klatretreet vårt er nedsaga og det krattar seg til i skogen og rundt bekken der vi segla borkebåtar og hadde leikarhus, er det fortsatt ei veldig fin grend, og neste sommar vil Vilde vera der hvertfall 14 dagar!

Vilde likar veldig godt å lesa, og når ho blir stor, har ho lyst til å bli bibliotekar fordi bibliotekarar kan lesa på arbeid. Denne bibliotekaren hadde ikkje hjarte til å desillusjonere ho, og eigentleg er ho einig. Bibliotekarar burde hatt meir tid til å lesa på arbeid. Smaksprøver er ein viktig del av jobben for å vita kva vi har i hyllene i formidlande omstende. Vilde held seg også oppdatert på nyhende og er fast lesar av Aftenposten jr. Og når det gjeld å lesa digitalt eller på papir, er Vilde klar: - Jeg vil lese ekte bøker! Så trass i abbonement på den digitale utgåva, må mamma ta med papirutgåva av Aftenposten jr. frå arbeid.

Nå for tida les Vilde Harry Potter. Ho har lese saman med mamma og pappa, men det går litt for treigt med høgtlesinga, så ho har tatt over sjølv. Nå går det mot slutten med Harry, så i går troppa dei opp på biblioteket for å få lesetips og utforske biblioteket i Lom. Bibliotekaren kom med to av sine aller beste tips til Vilde, Tonje Glimmerdal og Ollis. Vilde tok ikkje sjansen på å låne begge når ho er på ferie, så valet fall på Tonje. Bibliotekaren håpar Vilde får ei aldeles fortryllande leseoppleving som styrkar bibliotekardraumen.

I mellomtida bloggar underteikna bibliotekar ut og tek ein trevekers. Ciao!

Rita



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar